Søkemotoroptimalisering (SEO) for Squarespace
SEO handlar om å vere synleg i søkemotorane, slik at målgruppa finn deg framfor konkurrentane dine. Vi veit kva som må jobbast med for at Squarespace-sida di skal bli funnen både i tradisjonelle søk og AI-søk.
Bli synleg på AI-søk
Måten vi søker på er i endring. AI-tenester som ChatGPT gir stadig oftare svar direkte, utan at vi går via eit tradisjonelt Google-søk. Likevel er god, tradisjonell SEO framleis grunnmuren for å bli funnen og forstått på nett. Det som fungerer for søkemotorane, gir også AI eit betre grunnlag for å finne og bruke innhaldet ditt.
Våre 5 prinsipp for synlegheit i AI-søk
-
Dette er viktig å få med seg: AI-søk erstattar ikkje SEO, men byggjer vidare på det. Ei teknisk god nettside er minst like viktig som før, og det betyr:
bruke gode sidetitlar og metabeskrivingar
skrive alt-tekst på bilete
ha rask lastetid
sørgje for mobilvenleg design
bruke ein tydeleg struktur med overskrifter
Dette gjer det enklare både for søkemotorar og AI å forstå innhaldet ditt.
-
AI-baserte søkemotorar analyserer innhald frå tusenvis av nettsider. Målet er å finne dei mest relevante og truverdige kjeldene før dei set saman eit svar. Dei legg særleg vekt på nettsider som:
har tydeleg struktur
svarar direkte på spørsmål
viser fagkompetanse
blir omtala av andre truverdige kjelder
er enkle å lese og forstå
Kort sagt: AI ønskjer å gi brukaren det beste svaret. Tradisjonell SEO handla lenge om søkeord. AI handlar meir om intensjon. Difor er det smart å spørje seg sjølv:
Kva lurer kundane våre eigentleg på?
Kva spørsmål får vi ofte på telefon eller e-post?
Kva kan vi forklare betre enn konkurrentane?
Artiklar som svarar på konkrete spørsmål har langt større sjanse for å bli brukte av AI.
-
AI vurderer ikkje berre kva du skriv, men også kven som skriv det. Difor er det viktig å vise at innhaldet kjem frå nokon med erfaring og fagkunnskap, at verksemda har autoritet på området, og at informasjonen er truverdig. Dette er ikkje nytt, Google har lenge snakka om E-E-A-T: Experience, Expertise, Authoritativeness og Trustworthiness.
Du kan styrke dette ved å:
vise fram kven som står bak innhaldet ved t.d. å bruke Author på blogginnlegg, slik vi i Gasta gjer
publisere kundecase
bruke kjelder og dokumentasjon
oppdatere innhald jamleg
ha tydelege kontakt- og informasjonssider
-
AI føretrekk innhald som er lett å forstå. Det betyr
korte avsnitt
gode overskrifter
punktlister
FAQ-seksjonar (=Accordion-block i Squarespace)
enkelt språk
Mange AI-modellar siterer punktlister og spørsmål/svar nesten ordrett. AI forstår samanhengen i teksten og vurderer om innhaldet faktisk gir verdi. Skriv difor først og fremst for mennesker. Dersom innhaldet svarar godt på spørsmålet, vil det som regel også fungere godt i AI-søk.
-
AI stolar meir på verksemder som blir omtala fleire stader enn berre på eiga nettside. Difor er det smart å jobbe med:
omtale i media
gode kundeomtalar
Google Business-side
LinkedIn
Reddit og relevante fagforum
samarbeidspartnarar som lenkar til deg
Jo fleire truverdige kjelder som omtalar bedrifta di, desto sterkare blir dei digitale autoritetssignala.
SEOstart: grunnmuren for god SEO
Med SEOstart-pakken gir vi deg eit godt grunnlag for at dine Squarespace-sider skal rangere godt på søkeorda du er oppteken av. SEOstart er gjerne for deg som har hatt nettside ein periode. Det er eit eingangstiltak, men ein føresetnad for at du eller andre skal kunne jobbe vidare med innhald, blogging og kampanjar - og oppnå meir organisk trafikk til nettsidene.
-
Val av søkeord er heilt gunnleggjande for arbeidet med nettsidene. Søkeorda du bør fokusere på er ein kombinasjon av strategi, analysar og vurdering av di bedrift eller produkt sine sterke sider.
Søkeordsanalysen skal munne ut i eit avgrensa tal søkeord og søkefrasar du vil fokusere på og optimalisere innhaldet rundt. Vi finn søkevolum og kjem med forslag til søkefrasar som kanskje har mindre konkurranse, men likefullt er relevante for målgruppa.
-
I konkurransen om å få relevante besøkande til nettsidene, meiner vi det er smart å bruke ressursar på å analysere konkurrentane. Vi nyttar verktøy for å analysere søkeresultat (SERP) på aktuelle søkeord. Analysen gir deg innsikt i kva søkeord konkurrenten fokuserar på og kva type innhald dei oppnår suksess med. Dette kan gje gode innspel til din eigen strategi og gjere deg meir konkurransedyktig digitalt.
-
Vi gjer full analyse av den tekniske tilstanden på nettsida, alt frå hastighet, core web vitals, URL, sidetitlar, alt-tekstar, tunge filer til struktur på nettsidene. Vi sjekker 404-feil, interne linkar og gjennomgår H1, H2 etc.
Ein slik teknisk gjennomgang er viktig å føreta med jevne mellomrom for at Google sine robotar skal finne og forstå innhaldet på nettsida di.
-
Du mottar ein rapport med forslag til tiltak som enten vi eller du bør gjere for å sikre at du har ei teknisk god nettside.
-
Vi kallar inn til eit Teams-møte der vi gjennomgår analysen, diskuterer tiltak og kjem med forslag til vegen vidare.
SEOstart: Be om pris
PS! SEOstart er for deg som har Squarespace, og er kunde i Gasta - eller kan tenkje deg å bli det 😊 Interessert i kun søkeord/konkurrentanalyse eller site audit? Ta kontakt
Det skjer mykje med AI om dagen, og den siste nylanseringa til Google er blant dei mest spennande.