En person med langt blond hår jobber på datamaskiner med to skjermer i en kontorom.

Rebranding

Dei sterkaste merkevarene vi jobbar med har noko til felles: Ei tydeleg historie. Eit klart merkeløfte. Konsistens i design - over tid, for merkevarebygging handlar i stor grad om gjenkjenning gjennom repetisjon.

Likevel er det ikkje sikkert du må gjennom store og tunge prosessar for å skape merkevara som gjer bedrifta konkurransedyktig.

For mange er rebranding eit effektivt svar. I staden for å starte på nytt, handlar det om å rydde og spisse det som allereie finst – og skape betre samanheng mellom strategi, design og innhald.

Les meir om rebranding

Når uttrykket spriker, er det tid for rebranding

Rebranding handlar ikkje om å starte på nytt. Det handlar om å ta utgangspunkt i det som finst og gjere det tydeleg posisjonert, konsistent i alle kanalar, og gjenkjenneleg over tid.

Ofte er det ikkje merkevara i seg sjølv som er problemet, men bruken:

  • Nettsider med uklar kommunikasjonen

  • Ingen klar posisjonering ift. konkurrentar, lite kategoritenking

  • Snakkar ikkje til superkundane dine (uklar målgruppe)

  • Visuelle uttrykk utan den raude tråden du burde hatt

  • Sprikande bodskap i sosiale kanalar med tone og språk som ikkje speglar merkevara

Eit målretta rebrandingsløft gir effekt og bør vurderast før du skal lage nye nettsider eller anna markedsføring

Et motell fra fugleperspektiv som seiler på havet med hvit skum bak seg. Tekst på høyre side som sier: 'Powering the green maritime future. ZEM er verdens ledende systemintegrator for marine elektriske og hybride drivlinjer.'

Slik jobbar vi i Gasta med rebranding

Vi analyserer dagens situasjon - og tar tak i elementa som gir ditt selskap vekst:

Diagram som viser fem aspekter av rebranding: 1. Innsikt, mål, superkunder, 2. Posisjon og kategori, 3. Kjernehistorie og merkeløfte, 4. Visuelt løft, 5. Bruk i praksis - nettsider, digitale flater.

Prosjekt

To kvinner ser på en dataskjerm på kontor, med et stort skilt som sier 'gasta' i bakgrunnen.

Diskutere rebrandingprosjekt med oss?

Hos Gasta handlar rebranding om gode val du kan gjere saman med erfarne rådgivarar, ikkje lange prosessar. Start prosessen ved å fylle ut skjemaet - heilt uforpliktande - så tar vi kontakt.