Bruk Squarespace til å sjekke synlegheita di i AI-søk

SEO

Squarespace har lansert AI Visibility, eit nytt verktøy som viser kor synleg verksemda di er i AI-søk.

SEO/AI Visibility i Squarespace

Stadig fleire får svar direkte frå tenester som ChatGPT, Gemini og Google AI Overview. Då er spørsmålet ikkje berre om nettsida di er synleg i Google, men om verksemda di blir nemnd når nokon spør etter produkt eller tenester du tilbyr.

Kva er AI Visibility?

AI Visibility testar korleis ulike AI-tenester svarar på spørsmål om verksemda di og bransjen din. Verktøyet køyrer ei rekkje spørsmål, eller prompts, og viser mellom anna:

  • om verksemda di blir nemnd

  • kor ofte ho blir nemnd

  • kor synleg ho er i svara

  • korleis synlegheita utviklar seg over tid

  • korleis du gjer det samanlikna med konkurrentar

Du kan teste både spørsmål som inneheld namnet på verksemda di, og generelle spørsmål som potensielle kundar kan stille, til dømes «kven lagar Squarespace-nettsider i Noreg?».

Det siste er kanskje det mest interessante: Blir verksemda di nemnd når nokon leitar etter det du tilbyr, utan å kjenne namnet ditt frå før?

SEO og AI-synlegheit på same stad

AI Visibility er ein del av SEO-verktøya i Squarespace og inngår i ein samla Search Visibility Score. Her får du oversikt over både tradisjonelle SEO-faktorar og synlegheit i AI-søk i ChatGPT, Gemini og Google AI Overview.

Det gir eit godt utgangspunkt for å sjå kva som fungerer, og kva du bør jobbe vidare med. Men målinga er berre starten. Skal du bli meir synleg i AI-søk, handlar det framleis om godt innhald, tydeleg struktur, truverd, teknisk kvalitet og autoritet.

Vi har samla dette i fem prinsipp for synlegheit i AI-søk.

Vil du vite kor synleg du er?

Som Squarespace Platinum-partnar kan vi hjelpe deg med å tolke resultata, teste relevante søk og finne konkrete tiltak for betre synlegheit i AI-søk. Du finn AI Visibility i Squarespace under SEO → AI Visibility.

Vil du at vi skal sjå på AI-synlegheita di? Ta kontakt med oss.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Er bedrifta synleg når AI-søk svarar kundane dine?