Om Gasta

Vi er eit digitalbyrå som kombinerer effektive verktøy og strategisk kommunikasjon. Jobbar du med oss, jobbar du smartare med kommunikasjon og markedsføring - og legg grunnlaget for god vekst.

Vi har jobba med merkevarebygging, kommunikasjon og nettsider sidan 1997. Vi har ein god samansetting av erfarne og unge, lovande rådgivarar, utviklarar og designerar.

Sjå våre tenester

En graf som viser aksjeledertips fra Goldman Sachs, med en kursstigning i 2024.
To menn som jobber ved datamaskiner, smilende og fokusert, med et bilde av rød steinete overflate i bakgrunnen.

Smarte nettsider med Squarespace

Nettsida er ditt viktigaste digitale salsverktøy - og grunnmuren i mykje kommunikasjon. Difor bør du legge ned arbeid i å utvikle nettsida di. Dette hjelper vi deg gjerne med.

I over 10 år har vi utvikla nettsider i Squarespace, eit verktøy tilpassa dei fleste i SMB-marknaden. Du får ei brukarvennleg nettside du enkelt handterer i ein travel kvardag.

I prosessen med å utvikle nettsida di, vil vi utfordre deg på korleis du skal bruke ho smartare: Kven skal du nå? Kva mål burde du setje deg? Korleis vil du bli oppfatta?

Meir om nettsider frå Gasta

Squarespace Circle Platinum Partner

I tillegg til brukarvennleg, er Squarespace ei trygg plattform med fleire smarte funksjonar, som er godt tilpassa mobil og optimalisert for både SEO og AI-søk.

Vi likar dette verktøyet så godt at vi har blitt Circle Platinum-partnar - det høgaste partnarnivået for profesjonelle designarar og utviklarar.

Betre kommunikasjon med ei sterk merkevare

Er det vanskeleg å nå fram med bodskapen? Då kan det vere lurt å gå tilbake til start.

Ofte er det ikkje merkevara i seg sjølv som er utfordringa, men bruken: Nettsida er uklar og seier for lite. Det er utydeleg kven superkundane dine er, kva kategori du konkurrerar i - og det visuelle uttrykket heng ikkje saman på tvers av kanalar.

Du framstår utydeleg og lite relevant.

Ei sterk merkevare gjer det enklare og meir effektivt å kommunisere – og du kan knyte til deg kundar som likar det du står for. Å vere meir bevisst gir eit klart fortrinn.

Vi hjelper deg med å kommunisere betre, anten det handlar om å gå tilbake til start, eller om å få ut i live det du har bestemt at du skal vere.

Vite meir om korleis vi styrker merkevarer?

La oss jobbe saman.

Vi har som mål å gjere deg betre og deler gladeleg av kunnskapen vår. Saman jobbar vi for å presentere bedrifta di meiningsfullt annleis, med eit sterkt visuelt og verbalt språk.

Vi gir deg veiledning og råd slik at du kan jobbe smartare over tid.

I Gasta er vi fleire ringrevar: Nokre har vore med i Gasta i over 10 år, og så har du Vidar Bondevik som starta opp firmaet for snart 30 år sidan. Det gir oss god erfaring og ein trygg arbeidskultur.

Samtidig passar vi på å få inn nye impulsar, med to nye tilskot hausten 2025.

Meir om våre tilsette

Berekraft i Gasta

Gasta er sertifisert miljøfyrtårn og er opptekne av fotavtrykket vårt. Vi har bl.a. fokus på datalagring og nedskalering av store bildefiler.

Vi er også opptekne av miljøprofilen til våre leverandørar, med særleg fokus på serverlagring hos Squarespace. Dei host’ar nettsider hos skytenesta AWS (Amazon Web Services), som har mål om å nå 100 % fornybar energi. AWS har fleire lokasjonar i både EU og USA.

I tillegg er vi opptekne av både grøn koding og grønt design.

Meir om berekraft i Gasta

Du finn oss i Sogndal

Vi har kontor på Campus Sogndal, midt mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogndal Fotball og Sogndal VGS. - og andre bedrifter. Vi elsker bygda vår, Sogndal er utruleg vakker og folka joviale.

Men vi passar på å vere like opne for kundar som held til i Tana, Lyngen, Oslo eller Lillesand. Vi har spennande kundar over heile landet, i mange ulike bransjar.

Sjå våre kundar