Gasta design - spesialist på nettsider basert på Squarespace

Kva skjer

Blog

5 vanlege SEO-feil

 
 

Ønsker du å bli meir synleg i Google-søk? Her er nokre endringar som kan hjelpe deg på veg.

For deg som ikkje kjenner til SEO: Det står for Search Engine Optimalization. Det går ut på å tilpassa nettsida slik at du får tillit hos Google. Har du tillit hos Google, vil folk som søker på ditt kompetanseområde, finne di nettside som søkeresultat.

Google-verda er vanskeleg å forstå, og det å gjere nettsida si meir synleg er ikkje lett. Det er mange faktorar som påverkar kor høgt du hamner på resultatlista til Google, og det er sjeldan ein fasit på korleis ein skal nå førstesida. Kvart år gjer Google 500-600 endringar i sine algoritmar for rangering av nettsider. Dei endrar kva på nettsida di dei løner og kva dei straffar. Dette er endringar som i større eller mindre grad vil påverke organisk synlegheit til dine nettsider.

Du treng ikkje oppdatere deg på alt, men nokre ting er verd å få med seg (er du nysgjerrig på alle endringane, kan du ta ein titt her). Vi har liste opp ”typiske” SEO-feil vi ser går igjen hos våre kundar:

1. Innhaldet ditt er gamalt

Google måler faktisk kor ferskt innhaldet er. Er det gammalt, blir det lest som mindre aktuelt. Her må du tenke smart! Har du ein artikkel/blogg du vil gjenbruka, gjer nokre små forandringar, bytt bilde og publiser som eit nytt blogginnlegg.

2. Du overdriv bruken av søkeord

Tidlegare kunne ein fokusere på å få inn flest mulig søkeord på ein nettside, gjerne i stikkordsform. Men det vil ikkje fungera i dag. Google vil straffe deg om du overdriv bruken av søkeord, det vil bli lest som spam. Gjenta gjerne søkeord, men bygg opp relevant innhald rundt søkeorda. Det same gjeld lenker inn til nettsida. Google ønsker ikkje at det skal være mogleg å manipulere seg til ein høgare rangering i søkeresultata. Ikkje overdriv og tenk at lenkene må komme frå kvalitetsnettsider.

3. Du har for få lenker inn til nettsida di

Om du ikkje har nokon lenker inn til nettsida di, vi du ha lav aktivitet på nettsida. Ein ”død” side scorar dårlig. Nytt innhaldet i fleire kanalar og led folk inn til nettsida di. Då vil du auke aktivitet og score hos Google. Antal lenker inn til nettstaden din er fremdeles av betyding, men det er kvaliteten på lenkene som er viktig. Lenker frå nettsteder med mykje spam eller lånt innhald, trekker deg ned. Mykje tyder på at lenker frå sosiale medium kan hjelpe Google å vurdere kor ferskt innhaldet ditt er. Utnytt difor dei ulike kanalane, og link mellom dei og nettsida di.

4. Du er fokusert på mengde framfor kvalitet

Google ønsker relevans, optimale brukaropplevingar, og verdifulle og aktuelle søketreff med kvalitetslenker. Det er med andre ord kvalitet, ikkje kvantitet, som gjeld. Fokuser difor på å bygge opp kvalitetsinnhald som folk frivillig ønsker å lenke til.

5. Du har desktop i fokus, ikkje mobil

”Mobil first” er fokus i 2017. Nettsider blir indeksert som reine mobilsider – og blir lønt for dette av Google. Heldigvis for våre kundar er Squarespace responsiv, noko som gjer at du ikkje treng å tenkje så mykje på dette. Nettsida tilpassar seg mobil og nettbrett automatisk. Men, det du bør tenkje på, er korleis du sett opp ei side. Egnar det seg å lese denne teksten på mobil eller er den for lang? Bør bildet vere høgare opp? Hugs å sjekke mobil før du seier deg nøgd med noko du publiserar.

I korte trekk:

Alle ”feila” over kan du bli straffa for, og komme unødig langt nede på Google-søk. Heldigvis opererer Google i sanntid, så eventuelle feil kan bli retta opp med ein gong. Då vil rangeringa endra seg raskt.

Eit fellestrekk er å sjå på Google som meir og meir menneskeleg, og brukarane som meir og meir kresen. Det er fortsett viktig å fokusera på detaljar, som gode url-adresser, riktig formatering av titlar og bruk av enkelte søkeord. Men det vil lønna seg å snu fokus mot lesarane dine, og forstå målgruppa. Kvar er dei når dei søker? Kva modus er dei i? Svarer du på det dei lurar på? Viser du tydeleg kva du kan hjelpe dei med?

Vi seier det igjen: Prøv deg fram, analyser, optimaliser – og prøv igjen! Og ta gjerne kontakt med oss om du treng hjelp.

Gasta Design