Gasta design - nettsider basert på Squarespace

Slik finn du riktige nøkkelord å satse på

nøkkelord.png

Val av ord utgjer ein stor forskjell i kor enkelt folk finn deg. Difor må du først finne ut kva nøkkelord som er viktige for deg. Under finn du denne veiledninga for å hjelpe deg vidare.

Kvifor nøkkelord er viktig:

Internett er ein marknadsplass. Uansett kva tenester du tilbyr, konkurrerer du med mange andre om same merksemd. Ved å bruke riktige søkeord, hjelper du søkemotorane å koble nettsida di mot desse søkeorda.

Ulike typer nøkkelord:

  • Head: Kortare nøkkelord med større volum, t.d.: «fotograf», «sko» eller «keramikk». Nøkkelorda når eit breiare publikum, med det er vanskelegare å få høg rangering med desse nøkkelorda.

  • Long-tail: Nøkkelord som er deskriptive multisøkeord, t.d.: «bryllupsfotograf Oslo», «røde sko dame» eller «malte keramikkvaser». Nøkkelorda er meir spesifikke, og gjer det enklare å få høg rangering.

Steg 1 - Lag ei liste

Start med å utforme ei liste med alle søkeord du trur folk søker på for å finne nettopp di nettside. Ikkje avgrens deg her, finpuss heller lista seinare.

  • Målgruppe: Tenk på kva person du ønskjer merksemd frå. Kva ønskjer dei? Kva utfordringar har dei? Høyr gjerne med venner eller kollegaer kva dei ville søkt etter om dei trengde dine tenester.

  • Produkt/teneste: Lag ei liste over produkt/tenester og finn ord som beskriv dei. Sjølv om du ikkje sel konkrete produkt, tenk kva kunden skal sitje igjen med, t.d. «informasjon om fuglar».

  • Di merkevare: Lag ei liste som fortel kva nettsida og merkevara handlar om, som namn, industri, spesialitetar m.m.

  • Konkurrentar: Sjå på konkurrenteane sine nettsider. Kva ord nytter dei? Du kan også ta konktakt med Gasta som kan finne meir ut av dette for deg.

  • Relaterte søk: Skriv orda på lista di inn i Google og sjå kva Google føresler som relevante treff til desse nøkkelorda. 

For deg som har Squarespace, kan du også bruke Squarespace sitt suverene verktøy - Google Search Keywords - for å sjå kva nøkkelord som blir mest brukt av besøkande på nettsida:

Steg 2 - Finjuster lista

Benytt deg av lista frå steg 1 for å finne kva nøkkelord du skal prioritere. I dei fleste tilfella er du på jakt etter nøkkelord som: 

  • har nok breidde, slik at ein veit det er ord folk søkjer på.  

  • er spesifikk nok til at du kan få rangering på førstesida.  

  • er relevante nøkkelord for nettsida, og kan nyttast kreativt for å skape verdifullt innhald og gode opplevingar for besøkande.

Smarte tips:

  • Vanskegrad: Kor lett eller vanskeleg det er å oppnå suksess med eit nøkkelord er ein kombinasjon av kor kor ofte folk søker på ordet og kor mange andre nettsider som prøver å bli rangert i nøkkelordet sitt søkeresultat. Ein kan gjerne ha nokre vanskelege nøkkelord, men det er smart å ha ei blanding med nøkkelord der det er enklare å bli høgt rangert. Eit godt utgangspunkt er å bruke Google Ads nøkkelord planlegger

  • Relevans: Unngå nøkkelord som har lite relevans til nettsida di og som har lite søke-volum. 

  • Nåverande nøkkelord: Hvis nettsida er allereie etablert, er det lurt å behalde nøkkelord som viser seg å vere gunstige. Du kan få oversikt over desse nøkkelorda ved å klikke på Analytics - Google Keyword Search på nettsida di.

  • Bedriftsnamn: Hvis namnet på bedrifta ikkje vert rangert høgt når ein søkjer på namnet, så vil det vere smart å prioritere det som nøkkelord.

     

Steg 3 - Legg til nøkkelord på nettsida

Søkemotorar ser på plasseringa av nøkkelord på nettsida, og prioriterar nokre områder på nettsida over andre. Her er ei liste over gode stader å plassere dine nøkkelord, lagt i rekkefølge etter viktigheit:

  • Domene navn

  • Nettside tittel

  • URL/Nettside adresse

  • Side tittel

  • Overskrift (heading 1, heading 2, heading 3)

  • ‘Body text’ (hoveddel)

  • Kategorier

  • Captions og titler for image blocks, gallery blocks, and gallery pages

  • Fil navn for filer og bilder

  • Alt tekst

Tips: Legg til nøkkelord på ein naturleg måte som er forståeleg for mennesker. Overdreven bruk av nøkkelord kan bli oppfatta på ein negativ måte hjå besøkende og søkemotorar. 

Følgjande område påverkar ikkje rangering i søkeresultat, men er effektiv på andre måtar:

  • Metabeskrivelse nettside -  Legg til gode nøkkelord i metabeskrivelsen for nettsida. Dette er teksten som dukkar opp under nettsidetittelen i søkeresultatet. Sjølv om beskrivelsen i seg sjølv ikkje gir rangering i Google, er det ein viktig tekst for at besøkande skal klikke inn på sida. Så hugs nøkkelord, men hugs også at teksten skal vere seljande. 

  • Metabeskrivelse undersider - Du bør absolutt legge inn metabeskrivelse for dei enkelte undersidene. Unngå å bruke same tekstar. Google er ikkje glad i duplisering.



Steg 4 - Følg med på resultata

Det kan ta tid før endringane ein gjer faktisk gir effekt på rangeringa nettsida har i søkeresultat. 

  • Kor ofte søkemotorar indekserer nettsida di er utanfor din kontroll, men ein kan be Google og Bing om å indeksere nettsida for å hjelpe søkemotorane å finne nytt innhald på nettsida di. 

  • Når det nye innhaldet er indeksert, kan det fortsatt ta litt tid før rangeringa i søkeresultat endrar seg. Kor høgt ein blir rangert blir påvirka av mange ulike faktorar, og nøkkelorda er berre ein del av det. 

Kor mange nøkkelord skal du prioritere?

Det er vanskeleg å gje eit eksakt svar på kor mange ord eller ordkombinasjonar du skal optimimalisere for. Men dersom du har avgrensa ressursar og tid, vil vi seie at 4-5 nøkkelord bør vere maks. Med eit mindre antal kan du lettare fokusere på dei, og oppnå gode resultat. Altså 4-5 ord eller ordkombinasjonar - det er ambisiøst nok for dei fleste!

Her er fleire tips for å sjå om din nøkkelord-strategi har effekt over tid:

  • Nettsida sine analyseverktøy - bruk Google Search Keywords i Squarespace og følg med på korleis nøkkelorda dine utviklar seg.

  • Google Analytics - Bruk Squarespace sin integrasjon med Google Analytics for å få meir informasjon om trafikk.

  • Søkemotor rangering -  Åpne ei incognito-fane i nettlesaren, gjer søk på nøkkelorda og sjekk din plass i søkeresultat.

Din nøkkelord-strategi bør vere ein kontinuerleg prosess. Etter kvart som tida går, sjekk din rangering, bytt ut nøkkelord du ikkje makter å komme opp på, oppdater innhaldet ditt, følg med på konkurrentane og hald deg oppdatert på besøksaktivitet for å sikre deg at nettsida di er relevant. 

Tips: Å finne riktige nøkkelord er første del av jobben. Her finn du fleire tips for god SEO.

Gasta Design