Er bedrifta synleg når AI-søk svarar kundane dine?
Vi får stadig oftare direkte svar frå AI-tenester som ChatGPT, Gemini og Google AI Overview, i staden for ei liste med lenker. I Gasta jobbar vi etter fem viktige prinsipp for å gjere bedrifta di synleg i AI-søk.
Google-søk er i endring, og det endrar måten de bør jobbe med synlegheit på nett. Skal bedrifta bli nemnd når AI svarar på spørsmål frå kundar og potensielle kundar, må innhaldet vere tydeleg, truverdig og lett å forstå.
Fagområdet blir ofte kalla Generative Engine Optimization (GEO) eller Answer Engine Optimization (AEO). Vi i Gasta held det enkelt og kallar det berre AI-søk.
Våre 5 prinsipp for synlegheit i AI-søk
1. Tradisjonell SEO er grunnmuren
Dette er viktig å få med seg: AI-søk erstattar ikkje SEO, men byggjer vidare på det. Ei teknisk god nettside er minst like viktig som før, og det betyr:
bruke gode sidetitlar og metabeskrivingar
skrive alt-tekst på bilete
ha rask lastetid
sørgje for mobilvenleg design
bruke ein tydeleg struktur med overskrifter
Dette gjer det enklare både for søkemotorar og AI å forstå innhaldet ditt.
2.Lag innhald som svarar på spørsmål
AI-baserte søkemotorar analyserer innhald frå tusenvis av nettsider. Målet er å finne dei mest relevante og truverdige kjeldene før dei set saman eit svar. Dei legg særleg vekt på nettsider som:
har tydeleg struktur
svarar direkte på spørsmål
viser fagkompetanse
blir omtala av andre truverdige kjelder
er enkle å lese og forstå
Kort sagt: AI ønskjer å gi brukaren det beste svaret. Tradisjonell SEO handla lenge om søkeord. AI handlar meir om intensjon. Difor er det smart å spørje seg sjølv:
Kva lurer kundane våre eigentleg på?
Kva spørsmål får vi ofte på telefon eller e-post?
Kva kan vi forklare betre enn konkurrentane?
Artiklar som svarar på konkrete spørsmål har langt større sjanse for å bli brukte av AI.
3.Vis at du er ein ekspert (EEAT)
AI vurderer ikkje berre kva du skriv, men også kven som skriv det. Difor er det viktig å vise at innhaldet kjem frå nokon med erfaring og fagkunnskap, at verksemda har autoritet på området, og at informasjonen er truverdig. Dette er ikkje nytt, Google har lenge snakka om E-E-A-T: Experience, Expertise, Authoritativeness og Trustworthiness.
Du kan styrke dette ved å:
vise fram kven som står bak innhaldet ved t.d. å bruke Author på blogginnlegg, slik vi i Gasta gjer
publisere kundecase
bruke kjelder og dokumentasjon
oppdatere innhald jamleg
ha tydelege kontakt- og informasjonssider
4.Skriv enkelt
AI føretrekk innhald som er lett å forstå. Det betyr
korte avsnitt
gode overskrifter
punktlister
FAQ-seksjonar (=Accordion-block i Squarespace)
enkelt språk
Mange AI-modellar siterer punktlister og spørsmål/svar nesten ordrett. AI forstår samanhengen i teksten og vurderer om innhaldet faktisk gir verdi. Skriv difor først og fremst for mennesker. Dersom innhaldet svarar godt på spørsmålet, vil det som regel også fungere godt i AI-søk.
5.Bygg autoritet utanfor eiga nettside
AI stolar meir på verksemder som blir omtala fleire stader enn berre på eiga nettside. Difor er det smart å jobbe med:
omtale i media
gode kundeomtalar
Google Business-side
LinkedIn
Reddit og relevante fagforum
samarbeidspartnarar som lenkar til deg
Jo fleire truverdige kjelder som omtalar bedrifta di, desto sterkare blir dei digitale autoritetssignala.
Få AI-gjennomgang
Er du Squarespace-brukar og vil ha AI-status på nettsida di? Ta kontakt med Vidar Bondevik eller Astri Knudsen