5 SEO-tips ved bruk av foto i Squarespace

SEO
person-apple-keyboard-working.jpg

Det er mange variablar som er med å påverke din suksess med søkemotor. I dette blogg-innlegget gir vi tips på bruken av foto og småjusteringar på foto som vil gjere nettsida meir synleg i søkeresultat.


1 . Namn på bildefila

Det er viktig å navngi foto ein ønskjer å publisere på nettsida. Namnet på bilde-fila vil hjelpe søkemotoren å rangere nettsida enklare ved at den hentar ut relevante nøkkelord i filnamnet.

Filnamn som f.eks 123bilde.jpg fortel ikkje søkemotorane kva som er avbilda. Så ein god regel er å lagre bildet med namn som er beskrivande for kva ein ser i bildet, men hold det så kortfatta som muleg. Gi bildefila namn med små bokstavar, tal og bindestrek som mellomrom. Bildenamn bør vere naturleg, så ikkje legg inn alle relevante nøkkelord. Vel dei som er relevante og naturleg å integrere.

For å legge inn namn på foto i Squarespace:

  1. Finn det aktuelle bildet og klikk Edit.

  2. Oppdater Filename-feltet i Content fanen.

  3. Klikk Apply.


2. Legg inn alternativ tekst (alt-text) for å booste viktige nøkkelord

Alt-tekst er beskrivelsen som vert vist på skjermen dersom bildet ikkje blir lasta opp. Alt-tekst hjelper søkemotorar å indeksere og rangere nettsida i søkeresultat. Det er også svært relevant med tanke på universell utforming, då brukarar som har skjermlesar vil få lest opp denne alternativ-teksten.

Alternativ-teksten bør maks vere 125 teikn og konkret beskrive det som er på bildet.

For å legge inn alt-tekst på bilder i Squarespace:

  1. Finn det aktuelle bildet og klikk Edit.

  2. Legg inn alt-tekst i Filename feltet. Hvis du ikkje legg inn bildetekst, vil teksten i beskrivelses-feltet bli overført som alt-tekst. Dette feltet finn du under bildet der det står: write a caption here.

  3. Klikk Save.


3. Benytt banner-bilder med riktig størrelse

Banner-bilder kan gjerne vere vanskeleg å få riktig, og sidan det er det første besøkande møter, er det viktig at det ser profesjonelt ut. Tenk nøye gjennom kva foto du ønskjer å bruke, sidan dette gjerne set tonen for nettsida.

Viktige ting å hugse på er først og fremst størrelse. Forsøk å lagre bannerbildet ditt som eit liggjande bilde med størrelsen 1500 x 1000px for å oppnå det beste resultatet. Breidden på bildet bør ikkje overstige 2500 piksler, då dette vil påverke hastigheita på nettsida.


4. Vel riktig størrelse på dine bilder

Optimalisering av filstørrelsen kan utgjøre en stor forskjell i lastetid og samla førsteinntrykk av nettssida. Vårt tips er å halde filstørrelsen under 500 KB.

For fleire tips kan du lese denne artikkelen frå Squarespace.


5. Optimalisering av bilda


Ei nettside som lastar for sakte kan skade SEO og klikkfrekvens (CTR), noko som også kan bety lågare konverteringar. Google anbefaler lastetid på under 3 sekundar.

Sjekk hastigheit på nettsida di her.

Vanlege søkemotoralgoritmar skanner etter kor raskt ei side vert lasta inn, og det er difor viktig å optimalisere bilda dine. Tipsa under vil ikkje berre hjelpe deg med å forbedre SEO-en din, men folk vil også bli verande lengre på nettsida.

  • Last opp bilda som JPEG: Last opp foto i jpg-format, ikkje png. Grunnen til dette er at PNG-filer tek meir plass digitalt enn ei JPEG-fil, men har riktignok høgare kvalitet for redigering.

  • Ikkje last opp for mange bilder: Mengda av bilder du har på nettsida kan påverke lastetida. Eit tips er maks 3-5 bilder i kvart galleri.

  • Komprimer bilda: Å nedskalere bilda til mindre størrelse kan hjelpe nettsida med å laste raskare og halde besøkande på nettsida lenger. Kvart bilde bør vere 300 kb eller mindre. Skaff deg gjerne eit verktøy som gjer det enkelt å komprimere foto, som f.eks JPEG Mini eller TinyJPG.


Avslutningsvis vil vi nevne at ein sterk SEO-strategi inneheld fleire tiltak og variablar som kan påverke meir organisk trafikk og høgare rangering i søkeresultat. Vi opplever at ein kan ha ein vellukka SEO-strategi sjølv om ein ikkje nødvendigvis gjennomfører alle taktikkane, men du bør prøve å gjennomføre så mange som muleg for det beste resultatet. Sjå vår sjekkliste for SEO i Squarespace.

Interessert i meir informasjon om Squarespace og SEO? Ta kontakt med oss i Gasta.

Ellen Emilie Stangeland

Ellen er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar mykje med Squarespace og SEO. Ho likar å halde seg oppdatert om siste nytt frå Squarespace og anna teknologi.

ellen@gasta.no

Forrige
Forrige

Kampanje fuglekasse – ein heilskapleg leveranse for Ålhytta

Neste
Neste

Nye nettsider til Norges Vel