Ledig stilling

Interessert i digital marknadsføring og kunne tenkt deg å bu i Sogndal?

For tida har vi ingen ledige stillingar i Gasta. Men har du ein interessant og relevant bakgrunn, ikkje nøl med å sende oss ein e-post - så kan vi ta oss ein prat.

image.jpg

Sogndal har lett tilgang til fjord og fantastiske fjell, sommar og vinter. Dette er staden for deg som vil ha ein køfri kvardag der du rekk det meste innan 10-15 minuttar. Sogndal er kåra til den 9. beste kommunen i landet, i NHO sin kommune-rangering. Vi er og ein av dei kommunane som kan vise til tilflytting, spesielt av yngre, velutdanna personar.

Gasta har kontor på Campus Sogndal, der også rundt 50 andre bedrifter har tilhald - og så er det 10 minuttar med bil til snø og toppturar.

Foto: Håvard Nesbø

Sogndal - ein køfri kvardag

gasta sommer 2020.jpg

Gasta har spesialisert seg på nettsider basert på Squarespace som publiseringsverktøy. Vi har utvikla meir enn 600 sider på denne plattforma og er blant dei fremste i Europa innafor Squarespace-systemet. I tillegg til nettsider har vi lang erfaring med prosjekt innan merkevare og visuell identitet, og jobbar mykje med digital marknadsføring for våre kundar.

Gasta har eksistert sidan 1998, og hadde i 2023 ei omsetning på 10,4 mill. kroner og er gjeldfritt.

Foto: Kviknes Hotel sommaren 2020, med kontorkollegaer i Vardahei IT.

Gasta - spesialisten på Squarespace