Nettsider i Squarespace, utvikla av Gasta.
Vi er eit norsk design- og kommunikasjonsbyrå som har spesialisert oss på Squarespace. Hos oss får du erfarne rådgivarar, designarar og utviklarar som kombinerer merkevare, innhald og teknologi i ei nettside som fungerer.
650+ nettsider | Squarespace Enterprise Partner
25+ års byråerfaring | Strategi, design og utvikling i same team
Merkevare som utgangspunkt.
Squarespace som plattform.
Alle kan lage nettsider i dag. Vi lagar dei som gir resultat og byggjer merkevare.
Det har aldri vore enklare å lage ei nettside. Med gode verktøy og AI kan du komme langt på eiga hand. Men ei god nettside handlar om å forstå bedrifta, målgruppene og kva ein ønskjer å oppnå.
Derfor startar vi ikkje med ein mal eller eit design. Vi startar med merkevara, innhaldet og dei gode strategiske vala.
Deretter bruker vi Squarespace til å byggje ei nettside som er gjennomtenkt, brukarvennleg og laga for å vare.
Vi har valt å jobbe berre i Squarespace. Det gjer oss effektive i produksjonen og gir oss meir tid til det som faktisk skil ei god nettside frå ei middelmådig: strategi, innhald, design, brukaroppleving og finish.
Utvalde nettsider
Vi bruker den same plattforma kvar gong, men resultatet skal aldri sjå likt ut. Sjå nokre av nettsidene vi har laga i Squarespace, med ulike merkevarer, behov og uttrykk.
Nor Tekstil
Ei stor og innhaldsrik nettside, med tydeleg struktur som gjer det enkelt å finne fram i tenester, bransjar og godt fagleg innhald.
Bulbitech
Ny nettside for avansert norsk helseteknologi, med eit reint og moderne uttrykk som gjer kompleks teknologi enklare å forstå.
ZERoh!
Fargerike og leikne nettsider for fleire land, med produkta i fokus og eit fleksibelt oppsett som kan vekse med merkevara.
Zem
Ei moderne nettside for norsk maritim teknologi, der produkt, løysingar og innovasjon får spele hovudrolla.
Ein gjennomprøvd prosess
Ei god nettside startar lenge før vi opnar Squarespace. Vi bruker tid på å forstå bedrifta, merkevara, målgruppene og kva nettsida skal oppnå. Derifrå har vi ein effektiv og gjennomprøvd prosess fram mot ferdig nettside.
1. Innsikt og retning
Vi blir kjende med bedrifta, målgruppene og måla for nettsida.
→
2. Innhald og struktur
Vi finn ut kva de skal seie, korleis innhaldet skal organiserast og kva brukarane skal finne fram til.
→
3. Design og utvikling
Vi formar uttrykket og byggjer nettsida i Squarespace, med merkevara som utgangspunkt.
→
4. Kvalitet og lansering
Vi testar, justerer og kvalitetssikrar på mobil og desktop før nettsida går live.
Squarespace - ei effektiv plattform
Vi har valt å lage alle nettsidene våre i Squarespace. Når vi spesialiserer oss på éi plattform, kjenner vi systemet, veit kva som fungerer og kan jobbe effektivt frå idé til ferdig nettside.
Alle i Gasta er Squarespace-ekspertar, og saman har vi laga over 650 nettsider på plattforma. Vi er også det einaste byrået i landet med Squarespace Enterprise-status.
Squarespace gir oss fleksibelt design, samtidig som vi slepp å bruke unødvendig tid på tung teknisk utvikling og drift. Det betyr at meir av tida og budsjettet kan brukast på merkevare, innhald, design og god brukaroppleving.
Kva kostar ei nettside?
Nettsideprosjekta våre startar på 30.000 kroner, medan større prosjekt med meir innhald, skreddarsydd design og funksjonalitet ligg høgare. Etter ein innleiande prat kartlegg vi behovet og gir eit konkret pristilbod.
Dette seier kundane:
Fontenehus Norge
«Tilbodet frå Gasta utklassa konkurrentane på grundigheit og forståing av kven vi er og kva vi hadde behov for. Vi trong også ei publiseringsløysing som var enkel å bruke. Der leverte Gasta 10/10.»
Håvard Paulsen, kommunikasjonsansvarleg
Linn Bad
«Gasta har ei løysingsorientert haldning og jobbar alltid med å finne dei beste måtane å utvikle og designe nettsida på. Dei er oppdaterte på teknologi og design, og er ein framtidsretta samarbeidspartnar.»
Linn B. Grønningen, marknadssjef
Røldal skisenter
«Det var en enkel prosess. Et telefonmøte om hva vi tenkte. Etter et par uker leverte de «demoside». Et par uker til, og vi var på nett. Kort fortalt: Gode priser, rask levering, ryddig og fint design og god kundeservice.”»
Oddvar Bratteteig, daglig leder Røldal skisenter
Ta ein prat med Gasta.
Ny nettside, tydelegare merkevare eller meir effekt av markedsføringa? Fortel oss kort kva du ønskjer å få til. Du treng ikkje ha alle svara klare. Vi tek ein uforpliktande prat om behov, løysingar og budsjett.
Det er heilt uforpliktande å ta kontakt.
FAQ
-
Squarespace er eit moderne og brukarvennleg publiseringsverktøy der nettside, hosting og mange funksjonar er samla på éin stad. Det gjer det enkelt å halde nettsida oppdatert, samtidig som løysinga kan byggjast ut etter behova til bedrifta.
-
Prisen kjem an på omfang, funksjonar og kor mykje innhald som skal produserast eller flyttast. Når vi har kartlagt behova dine, kan vi gi eit konkret pristilbod. Du får ein peikepinn på prisnivået her. Squarespace-lisens kjem i tillegg til utviklingskostnaden.
-
Tidsbruken varierer med storleiken på prosjektet, funksjonane de treng og kor raskt innhald og tilbakemeldingar kjem på plass. Vi avtaler ein framdriftsplan saman før prosjektet startar.
-
Squarespace tek hand om hosting og den tekniske drifta av plattforma. Det gjer vedlikehaldet enklare enn med ei løysing der de sjølve må følgje opp fleire separate tillegg og leverandørar. På https://status.squarespace.com/ ser du driftsstatus og oppetid (som alltid er høg!)
-
AI kan hjelpe med å lage eit førsteutkast til tekst og design, og det kan gjere arbeidet raskare. Ei god nettside krev likevel planlegging, tilpassing og kvalitetssikring av innhald, struktur, mobilvising og SEO. Vi bruker AI som eit hjelpemiddel der det gir verdi, og sørgjer for at nettsida skal oppnå dei måla du har med ho. Men du kan og lage nettsida sjølv med Squarespace sin AI-funksjon og så få hjelp i sluttfasen frå Gasta. Les meir om det på SquareKick - Få hjelp til å komme i mål med nettsiden
-
Ja. Squarespace er laga for at de enkelt skal kunne endre tekst, foto og anna innhald. Vi gir opplæring når nettsida er klar, slik at de kjem godt i gang.
-
Ja. Squarespace har innebygde verktøy for sidetitlar, metabeskrivelsar og nettadresser. God synlegheit i søk krev også relevant innhald og godt arbeid med struktur og teknisk oppsett. Vi tek omsyn til SEO når vi utviklar nettsida. Les meir om Squarespace og SEO her.
-
Ja. Squarespace kan utvidast med funksjonar som nettbutikk, nyheitsbrev, timebestilling og kurs. Kva som passar, kjem an på behova dine og kva integrasjonar de brukar.
-
Det finst ingen snarveg eller garanti for å bli nemnd i AI-svar. Men ei tydeleg nettside med relevant, truverdig innhald og godt teknisk SEO gir eit godt grunnlag. Dei same grunnprinsippa for SEO er framleis viktige også i AI-søk, og vi tek omsyn til dei når vi utviklar nettsida.
-
Ja. Vi kan hjelpe med support og vidareutvikling etter lansering. Vi kan også til andre tenester som digital markedsføring og visuell identitet.