Digital markedsføring
Held du liv i nettsida di? Blir ho funnen i AI-søk?
Nettsida er den viktigaste kommunikasjonskanalen du har. Ei levande nettside gir betre resultat, både på søkeord og i møtet med kundane.
Men du må hjelpe folk inn på nettsida di. Enten gjennom søk, eller via kanalar som LinkedIn og Facebook. Det kan vi hjelpe deg med!
Diskuter markedsføring med oss
Jobb smartare med markedsføringa
Vi er oppteken av å utvikle gode nettsider i Squarespace, for å gi deg ei nettside du sjølv kan handtere. Men korleis bør ho markedsførast? Vi hjelper deg å bli betre, slik at du kan jobbe smartare med markedsføringa. Kva du ønskjer å gjere sjølv og kva vi gjer, finn vi ut av.
Bruk oss som sparringspartnar, innhaldsprodusent eller designar - opp til deg!
Samarbeid med oss, så får du:
Knytta markedsføringa tettare opp mot nettsida
Framdrift og kontinuitet i markedsføringa
Innhald som engasjerer
Faste rapportar og betre oversikt
Hjelp til sjølvhjelp - du blir betre
Slik jobbar vi
Vi jobbar gjerne fast med deg, for å sikre kontinuitet i markedsføringa. Mykje kan gjerast på 5–10 timar i månaden, då får vi handtert både nettside og ulike kanalar. Kanskje du òg treng søkeordsannonsar?
-
Vi set opp ein felles plan slik at vi begge har oversikt. Jamne møtepunkt held framdrifta oppe og sørgjer for at vi alle gjer “heimeleksa” vår.
-
Videoar, artiklar, SoMe-postar – forandring fryder! Vi hjelper deg å produsere det du treng, og sørger for at alt har ein raud tråd med merkevara di.
-
Vi treng ikkje alltid starte på nytt. Vi kan optimalisere eksisterande tekstar og tilpasse innhaldet for både SEO og AI-søk.
-
Vi set opp oversiktlege rapportar som vi går gjennom saman. Desse gir oss grunnlaget for vidare arbeid, det er slik vi utviklar oss og får meir verdi ut av innsatsen.
Hugs at alle bedrifter har ulike behov og mål. Difor finn vi den løysinga som passar best for deg, enten det handlar om jamnlege oppdateringar, rådgjeving eller ei større satsing på synlegheit.
Kom i gang →
Tenester digital markedsføring
Målet er enkelt: å skape synlegheit, trafikk og vekst for di verksemd.
Kontakt Ingvild Helle Hagen
Ingvild er digital markedsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.
Prosjekt
Her er nokre av kundane vi jobbar fast med. I tillegg til å levere innhald og annonsar, sender vi faste rapportar med analyser og konkrete tiltak. Slik blir vi saman betre over tid.
Lerum
Nettside, videoinnhald og annonsering.
Flux Forlag
Nettbutikk, søkeordsannonsering på Google.
Norsk Countrytreff
Nettside, annonsering og innhaldsproduksjon.
Kviknes Hotel
Nettside, innhaldsproduksjon og sosiale medium.
Nasjonalt villakssenter
Nettside, innhaldsproduksjon, annonsering og sosiale medium.