No må du over på nye Google Analytics 4

SEO

Om eit år vil ikkje “vanlege” Google Analytics fungere lenger.

Frå 1. juli 2023 blir Google Analytics avvikla slik vi kjenner det i dag. Google lanserer i staden eit nytt verktøy som dei kallar Google Analytics 4 (GA4).

Korleis påvirker dette meg?

Har du Google Analytics installert på nettsida, vil det ikkje lenger samlast inn ny statistikk etter 1. juli 2023. Frå denne datoen vil du sannsynligvis heller ikkje få tilgang til tidlegare historikk. Har du satt opp spesielle sporingar eller målingar (t.d. måling av henvendelsar eller kjøp), vil heller ikkje desse fungere.

Squarespace Analytics fungerer fortsatt

For deg som har nettside i Squarespace, vil du fortsatt få inn tal og statistikk på analyseverktøyet som er integrert i nettsida, kalt Squarespace Analytics. Her treng du ikkje å gjere nokon endring.

Google Analytics og GDPR

Både Google Analytics slik vi kjenner det i dag, og den nye programvaren Google Analytics 4, sender data ut av EØS, noko som er i strid med personvernlovgivinga GDPR. Det betyr at “nye” Analytics 4 ikkje nødvendigvis er meir lovleg å bruke enn den versjonen du har no.

Dette er noko Google seier at dei arbeider med, og mange håpar at den juridiske floken skal løysast på overordna nivå gjennom avtale mellom USA og EU. Per no veit ingen heilt sikkert korleis løysinga vil bli.

Kva bør eg gjere?

Slik ting ser ut no, anbefalar vi alle kundane våre å oppgradere til Google Analytics 4 så raskt som mogleg. Då får du starta med innsamling av data i det nye verktøyet, og slipp å sitte heilt utan historiske analysetal om eit år.

 

Få hjelp med oppsett av Analytics 4

Fyll ut skjemaet for å bestille oppsett av Google Analytics 4 på Squarespace-nettsida di. Pris: kr 1190 eks. mva.

NB! Har du spesialoppsett med sporingar i din gamle Analytics, ser vi på dette i lag i etterkant.
Det viktigaste no er å få nye Analytics opp og gå på nettsida.

Tilbodet gjeld alle Gasta-kundar med nettside i Squarespace.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

God sommar!

Neste
Neste

Enda betre rusta til å styrke innhaldet ditt