tilsette 

Gasta er åtte tilsette. Vi er ein hyggeleg gjeng utviklarar, designarar, marknadsførarar og journalistar - klare til å hjelpe våre kundar. Les meir og finn kontaktinfo under.

Usikker på kven du vil snakke med? Ring 57 62 77 70.

Astri Knudsen

Byråleiar, digital rådgivar
astri@gasta.no | +47 984 08 619 | LinkedIn

Meir om Astri.
Det er mykje skarre-r rundt Astri, men som tidlegare avisjournalist skriv ho meir enn ho pratar. Ho har ein master i politisk økonomi, erfaring som frontredigerer på sol.no og prosjektleiar i content marketing-byrået Bonzaii, og kan også litt om mykje. I 2015 starta ho dotterselskapet Drople saman med Gasta, eit selskap spissa på innhaldsmarknadsføring. Mot slutten av 2020 slo vi selskapa saman, for å auke fokus på digital marknadsføring og la Astri ta ei større rolle som prosjektleiar for våre kundar. Astri har alltid tid til ein prat.

Vidar Bondevik

Rådgivar, byråeigar
vidar@gasta.no | +47 482 36 323 | LinkedIn

Meir om Vidar.
Vidar har drive Gasta sidan 1997 og har opparbeidd ein solid kundeportefølje. Han er prosjektleiar og rådgivar på merkevare-, grafisk profil- og webprosjekt - og kan litt om mykje. Som tidlegare marknadssjef i Lerum, planning manager i Xerox og salskonsulent i Office Line/SuperOffice, har han vorte fanatisk oppteken av å tenke strategi, forretningsmål og KPI'ar. Bra for Gasta sine kundar! Og så er han lidenskapleg oppteken av Sogndal fotball og sitt kjære Tottenham.

Simon Falkauskas

Webdesignar, senior front-end utviklar
simon@gasta.no | +47 465 60 864 | LinkedIn

Meir om Simon.
Simon er vel ein Squarespace-freak og er ein av dei mest erfarne på Squarespace i Europa, utan tvil. Simon er utdanna programmerar i Litauen og har mange års erfaring som webdesignar/user interface-programmerar i større webselskap i Vilnius. Han er utruleg effektiv og lagar elegante løysingar. Som einaste utlending i Gasta er han godt likt blant dei kundane som ikkje skjønner stort av sognamaol – dei føretrekk Simon sin kortfatta og stort sett velformulerte norsk.

Hilde Nes

Meir om Hilde.
Hilde har lang fartstid i Gasta og kan skilte med god erfaring med grafisk profil-prosjekt, i tillegg til emballasjedesign. Ho har designutdanning frå Kreativ Fagskole og eit særdeles godt auge for stilrein og kreativ design. Trass i at praten ofte går i eitt, er ho skremmande effektiv og alltid målretta. Det er ikkje mange kundar som ikkje kjem tilbake til Hilde. Ho tek òg gjerne på seg webdesign-oppdrag eller messemateriell, skilting og brosjyrar.

Frode Ylvisåker Berge

Webdesignar, senior front-end utviklar
frode@gasta.no | +47 979 80 790 | LinkedIn

Meir om Frode ...
Frode er inne i sin andre periode i Gasta, etter å ha jobba her i 11 år og vore sentral i utviklinga av selskapet. Han jobba fire år i KLP i Oslo som frontend-utviklar, før han lengta heim til Sogndal. Frode er utdanna ingeniør, men har lang erfaring med webdesign og utvikling. Han er svært oppteken av brukaroppleving og enkle, effektive webløysingar. Treng du ein ekstra finish, fiksar Frode det. Og skulle du høyre ein useriøs kommentar på Gasta-kontoret, kjem han garantert frå Frode ...

Ingvild Helle Hagen

Digital marknadsførar
ingvild@gasta.no | +47 928 81 906 | LinkedIn

Meir om Ingvild ...
Ingvild (også bergensar) kom til oss etter tre år i Kristiansand, der ho jobba i eit kommunikasjonsbyrå og tok ein master i samfunnskommunikasjon. Ho har i tillegg ein bachelor i medievitenskap og har jobba mykje med å marknadsføre både store og små bedrifter. Ingvild omtaler seg sjølv som ein kommunikasjonsnerd som alltid passar på at man har fokus på målgruppa. Eit ja-menneske med høg arbeidskapasitet som likar å ha mange ballar i lufta.

Ellen Emilie Stangeland

Digital marknadsførar
ellen@gasta.no | +47 934 83 373 | LinkedIn

Meir om Ellen ...
Ellen (også bergensar) kom til Sogndal frå Oslo, der ho jobba med sal og kundeoppfølging. Ellen har ein bachelor i PR og marknadskommunikasjon frå BI og er Google Ads-sertifisert. Når ho ikkje er på jobb finn du ho som regel hengjande bak ein engelsk setter i skog og mark, eller framfor TV-en for å få med seg siste sports-happening.

Ragnhild Myklemyr

Digital rådgivar, innhaldsprodusent
ragnhild@gasta.no | +47 918 80 735 | LinkedIn

Meir om Ragnhild ...
Ragnhild er utdanna journalist, med erfaring frå både NRK Vestland og Sogn Avis. Dei siste åra har ho jobba med ei strategisk tilnærming til faget, som kommunikasjonsrådgjevar opp mot prosjekt, kampanjar og interne kanalar i Skatteetaten. Som innhaldsprodusent i Gasta får ho bodskapet ditt effektivt og målretta ut i digitale kanalar. Etter jobb finn du gjerne småbarnsmora til fjells eller skogs, med lommane fulle av blåbær og småstein.