Sjå søkeorda dine med Google Search Console

SEO

Med dette verktøyet kopla til Squarespace-nettsida di kan du sjå kva ord folk søkjer etter i Google for å finne deg.

Kva er Search Console?

Google Search Console er eit gratis verktøy frå Google som du kan koble opp mot nettsida di.

Verktøyet har mange nyttige funksjonar, men den kanskje mest interessante er at du kan sjå kva søkeord folk skriv inn i Google for å finne nettsida di.

I tillegg vil du kunne sjå kor langt opp i resultatlista på Google du kjem på kvart søkeord og kor mange som klikkar seg inn til nettsida di.

Kvifor er dette nyttig?

Kort fortalt gir verktøyet deg innsikt i korleis nettsida di gjer det i søkemotoren til Google. Kva ord brukar folk, og kor høyt opp kjem du på desse orda? Kva ord gjer du det godt på i dag, og kva kan du bli enno betre på? Er det nokre viktige søkeord som du ikkje er synleg på i det heile?

Alt dette er informasjon som er heilt grunnleggjande for å kunne arbeide betre med søkemotoroptimalisering (SEO) på nettsida, slik at du blir meir synleg og tilgjengeleg i Google.

Kobling mellom Squarespace og Search Console

Squarespace har ein eigen funksjon som lar deg vise data frå Search Console inn i nettsidesystemet. Då slipp du å bruke eit eige system for å sjå søkeorda.

Funksjonen finn du i Squarespace ved å gå til “Analytics” og velje “Search Keywords.

Har du ikkje allereie kobla på Search Console, vil du sjå ein svart knapp “Connect” for koble til.

Merk: Du må allereie ha oppretta ein konto i Google Search Console og verifisert domenet ditt hos Google før du trykkar “Connect” inne i Squarespace.

Treng du hjelp med Search Console på di Squarespace-nettside? Kontakt oss, så får vi deg i gang.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Har du planlagt markedsføringa for sommarferien?

Neste
Neste

Lansering akkurat i tide til påske