Bli synleg i søk med Google Min Bedrift

SEO

Google Min Bedrift gjer at kundane kan finne bedrifta di når dei søkjer etter tenester du tilbyr. Her fortel vi deg det du treng å vite.

Google Min Bedrift, eller Google My Business på engelsk, er ei teneste frå Google kor du kan opprette ein profil for bedrifta di og dermed lage ei såkalla bedriftsoppføring på Google.

Kvifor Google Min Bedrift?

Ein slik profil gjer deg både meir synleg og meir tilgjengeleg. Profilen din vil dukke opp viss nokon søkjer etter det du tilbyr, eller namnet på bedrifta di, i Google-søk eller Google Maps.

I profilen din får kunden oversikt over mellom anna opningstider, adresse og kva du leverer av produkt og tenester. Kunden kan så ringe deg, gå til nettsida di eller be om vegforklaring til adressa - direkte i Google. Enklare blir det ikkje.

Eit eksempel på korleis Gasta kjem opp når ein søkjer på relevant teneste og geografisk område. Profilen vår ser du til høgre.

Kven er dette for?

  • Bedrifter med fysisk lokale som kunden kan besøke (f. eks butikk, hotell, kjøpesenter)

  • Bedrifter utan fysisk lokale men som oppsøkjer kundene innanfor eit gitt geografisk område (f. eks røyrleggjar)

  • Bedrifter som har begge delar (f. eks restaurant med både serveringsstad og levering til dør)

Merk at reine nettbutikkar ikkje kan ha ein slik profil, fordi dei verken har eit fysisk lokale kor kunden kan møte opp eller eit geografisk område kor kunden kan møte dei ansatte. Då har ikkje Google nokre geografiske føringar for når det er nyttig å vise denne bedrifta i søk.

Koble Google Min Bedrift til nettside i Squarespace

Squarespace har eit eige verktøy som heiter “Location Management”. Her kan du knytte saman nettsida og profilen din i Google Min Bedrift.

Bruk av denne funksjonen gjer det enklare å administrere informasjonen i Google, fordi du kan du endre slikt som opningstider og kontaktinfo direkte frå nettsida di, i staden for å måtte logge inn på Google Min Bedrift kvar gong.

Korleis kome i gang?

Det er gratis å opprette ein profil i Google Min Bedrift.

Du som har Squarespace-nettside har to val:

  1. Logg inn på nettsida di, vel “Marketing” i hovudmenyen og deretter “Location Management”. Her kan du opprette profil og knytte den saman med nettsida di.

  2. Gå direkte inn på Google Min Bedrift og følg stega for opprette konto inne i Google sitt system. (Den kan knyttast saman med nettsida seinare)

Merk at du må ha ein Google-konto (Google Account) for å opprette profil. Det kan vere lurt å bruke bedriftsepostadressa di til dette.

Når du har oppretta bedrifta og lagt inn informasjonen, må du bekrefte eigarskapet. Her får du som regel fleire val, og kan verifisere per brev, e-post, telefon eller gjennom kobling til eit anna Google-verktøy.

Har du nettside hos Gasta og treng hjelp med Google Min Bedrift? Ta kontakt med oss, så ser vi på det i lag.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Bli synleg med bedriftsoppføring i Google

Neste
Neste

Gasta er blitt sertifisert Miljøfyrtårn