Optimaliser nettsida for AI-søk: Her får du 6 gode tips frå Squarespace
Måten folk navigerer seg på nettet endrer seg, takka vere veksten i AI‑søk og chatbotar. Dette påverkar kor synleg nettstaden din er og kva du må gjere for å trekke til deg besøk. Her har vi samlet seks tips frå Sqaurespace til korleis du kan optimalisere nettsida for AI-søk.
Det å forstå korleis AI-søk fungerer, i tillegg til å kunne tradisjonell SEO, vil absolutt gi deg og nettsida di eit konkurransefortrinn. Med utgangspunkt i denne artikkelen frå Squarespace viser vi deg korleis AI-SEO fungerer, og kva du kan gjere for å optimalisere for det.
Først; Kva er AI-SEO eller AIO?
AI-SEO viser til taktikkar du kan bruke for å optimalisere nettsida di slik at ho blir forstått og vist i søkeresultat eller som kjelder på plattformer som Google, ChatGPT, Gemini og Perplexity. Der målet med tradisjonell SEO er å rangere høgare i søkjemotorane, handlar AI-optimalisering (AIO) om å gjere nettstaden din synleg i AI-svar eller AI-overblikk.
Sidan dette feltet stadig er i utvikling, kan du møte på andre forkortingar som GEO (generative engine optimization), AEO (answer engine optimization) og LLMO (large language model optimization), i tillegg til AIO.
AIO og SEO byggjer begge på faktorar som truverde og nytteverdi for å løfta fram innhald, men måten desse signala blir henta inn på kan variere. AI-genererte søkeresultat kan dessutan variere meir frå søk til søk enn det tradisjonelle søkjerangeringar gjer.
Korleis fungerer AI‑søk?
AI, på same måte som søkemotorar, «crawler» gjennom nettsider på internett for å forstå innhaldet og finne ut kva tema det er relevant for. I staden for å matche resultat med eit nøkkelord, slik tradisjonelle søk gjer, prøver AI å gi eit tilpassa og nyansert svar basert på det unike spørsmålet ditt, og tek omsyn til intensjon og samanheng.
Svar varierer frå plattform til plattform, og søkmotsetnminger du det same fleire gonger, får du ofte ulike resultat. Det gir fleire moglegheiter for at nettstaden din kan dukke opp, men også fleire potensielle søk å optimalisere for.
Ulike typar AI-søkeresultat
Korleis nettsider blir vist i AI-søk, kjem an på kva plattform du brukar og kva type søk du gjer. Her er ei forenkla oversikt over korleis nettstida di kan dukke opp i AI-svar:
Direkte svar: Dette er til dømes det du får i Google sine AI Overviews, der AI gjev eit samandrag basert på fleire kjelder, og viser til nettsider som kjelder.
Utvalde kjelder: Nettsider som AI-verktøy siterer eksplisitt og løftar fram tydeleg i svaret eller søkeresultata.
Samtalebaserte tilrådingar: Personleg tilpassa tilrådingar gitt via AI-chatbotar, til dømes anbefalte verksemder eller produkt.
AI-synlegheit vs. trafikk
Før du går i gang med å tilpasse nettsida di for AIO, bør du sette tydelege og målbare mål. For AIO vil det ofte handle om synlegheit eller nettsidetrafikk. Synlegheit kan bidra til å byggje kjennskap til merkevara di, medan trafikk oftare fører til konkrete resultat, som nye kundar eller følgjarar. Ved å setje mål for begge delar, kan du lettare velje kva strategiar du bør satse på.
Men sørg for at måla dine er realistiske. I motsetning til tradisjonell SEO, kan AI-søk gjere nettsida di mykje meir synleg utan nødvendigvis å generere meir trafikk. Sidan brukarane får svara sine direkte frå eit samandrag eller ein chatbot, vil dei ofte ikkje kjenne behov for å klikke seg vidare til sjølve nettsida. Difor kan det vere lurt å sette eit meir nøkternt trafikkmål, eller definere eit utgangspunkt du kan samanlikne med før du startar AIO-arbeidet.
6 måtar å førebu nettsida di for AIO
Teamet hos Squarespace forskar sjølv på AIO og følgjer utviklinga i bransjen tett for å kunne gi deg best mogleg informasjon. Men sidan AI stadig utviklar seg, er det viktig å hugse at beste praksis for AIO også endrar seg over tid.
1. Sørg for at AI får «crawle» nettsida di
Akkurat som tradisjonelle søkemotorar treng AI tilgang til å «crawle» nettsida di for at ho skal kunne dukke opp i søkeresultat. Ein «crawl» er enkelt sagt ein gjennomgang av nettsida di utført av ein bot, som hentar inn informasjon gjennom tekst, sidetitlar og lenkjestruktur.
Dersom du brukar Squarespace, lar du allereie botar «crawle» nettsida di (om du ikkje manuelt har skrudd av dette under settings - crawlers - block crawlers).
2. Strukturér sidene tydeleg
Måten du legg opp innhaldet på nettsida di på, hjelper AI med å tolke kva som finst på kvar side. Til dømes er tittelen på denne artikkelen ein H1-overskrift, «6 måtar å førebu nettsida di for AIO» er ein H2, og «Strukturér sidene tydeleg» er ein H3. H1 gir ei overordna oppsummering, H2 er eit undertema, og H3 høyrer til det spesifikke punktet. Sørg for at du brukar rett overskriftsnivå når du skriv tekst til nettsida di.
Struktur handlar ikkje berre om overskrifter. Dersom du deler informasjon, som i ein FAQ eller ein biografi, bør du løfte det viktigaste først.
3. Hald nettsida oppdatert
Fleire AIO-studiar tyder på at AI-svar ofte prioriterer nettsider som nyleg er oppdaterte. Tanken er at desse inneheld meir aktuell og påliteleg informasjon. Det betyr ikkje at du må endre nettsida di heile tida, men det kan vere lurt å vere innom ein gong i månaden for å oppdatere, som nyheiter, kundeportefølgjen eller mindre rettingar.
4. Bygg opp merkevara di
Forsking viser at ei sterk og ofte nemnd merkevare aukar sjansen for å bli sitert i AI-svar og samandrag. Dette liknar på korleis tradisjonelle søk favoriserer kjende merkevarer, fordi dei oftare blir oppfatta som truverdige.
Å styrke tilliten til merkevara di gjer du ved mellom anna å produsere originalt og godt innhald, skape kreative kampanjar og bli nemd i nyheitskjelder. Ønskjer du hjelp til å jobbe meir med merkevara di, er du på rett plass. Merkevarebygging kan vi i Gasta mykje om!
5. Få omtalar frå andre
På same måte som med merkevarebygging, kan omtale frå andre personar eller nettsider som AI stolar på, bidra til å styrke AIO‑autoriteten din. Dette kan til dømes vere:
Samarbeid med andre bedrifter om innhald, som leverandørar som nemner kvarandre på sosiale medium eller blogg
Be følgjarar dele nettsida di på sosiale medium eller i ulike forum
Be om omtalar og tilbakemeldingar frå kundar
Delta i faglege diskusjonar på nett eller på arrangement
6. Del nyttig og unikt innhald
Akkurat som i tradisjonell SEO er relevant, autoritativt innhald viktig for å bli sett på som ei påliteleg kjelde. Målet med AI-søk er å gi brukaren det mest nyttige svaret. Slike innhaldstypar kan vere blogginnlegg, FAQ-ar, samandrag og punktlister, eller samtaleforma svar som er lette å skumme gjennom.
Oppsummert
AIO utviklar seg i takt med AI-søkeplattformer, så beste praksis kan endre seg over tid. Men en generell huskeregel er at når du vurderer nettsida di med tanke på AIO, kan du spørje deg sjølv “Kva får ein ut av å besøkje nettsida mi?” og “Kan eg gjere det meir tydeleg eller enklare for dei som kjem inn?” Tydelege, konkrete svar vil definitivt hjelpe nettsida di med å bli meir synleg i AI-genererte resultat.
Og så er det verdt å vite at sjølv om ein fryktar mindre trafikk til nettsidene, har det totale besøket til alle våre nettsider i Gasta (over 500 stk.) gått opp med 11,9 % så langt i år (pr. juli 25). Så vi merker ikkje at folk ikkje går inn på nettsider lengre ...
Vil du vite meir om AIO eller Sqaurespace? Ta kontakt med meg eller Vidar.