Slik gjer du nettsida klar for AI-søk

Eg spurte Gemini om å fortelje meg om Gasta. Kjeldene han viser til er Linkedin, Facebook, Gule sider, SERanking - og nettsida vår.

AI-søk endrar spelereglane. Når folk spør ChatGPT, Perplexity, eller Gemini om noko, får dei ikkje ei lenkeliste, dei får eit svar. Om nettsida di blir brukt i desse svara, handlar ikkje lenger berre om tradisjonell SEO - men om AI-optimalisering (AIO).

Kvifor dette er viktig

  • AI-verktøy hentar informasjon frå mange kjelder, ikkje berre Google.

  • Det betyr at heile merkevara di blir vurdert – nettside, sosiale medium, omtalar og autoritet.

  • Dei som har tydeleg struktur og spesialisert innhald blir valt framfor dei som snakkar om alt og ingenting.

  • Squarespace 7.1 gir deg alt du treng for å byggje ei slik side – men du må vite kva du gjer.

Les også: Korleis fungerer eigentleg AIO?

Slik gjer du nettsida klar for AI-søk

  1. Bygg med god struktur
    Éin side – eitt tema. Bruk klar meny, korte URL-ar og overskrifter som faktisk gir meining.

  2. Svar på ekte spørsmål
    Folk spør AI om alt mogleg – skriv innhald som gir konkrete svar. FAQ-ar, kundehistoriar og referansar gjer deg synleg.

  3. Gjer det lett for både folk og botar
    Unngå tunge løysingar som skjuler innhald bak javascript-element. Enkel og rask lasting = betre forstått av AI.

  4. Vis kven du er
    Bygg tillit gjennom omtalar, faglege artiklar og synleg kompetanse. Autoritet veg tungt i AI-søkeresultat.

  5. Hald ting oppdatert
    AI-verktøy prioriterer fersk informasjon. Juster innhald, legg til nye prosjekt og vis at du lever.

  6. Mål resultata
    AI-søk gir ofte synlegheit utan klikk. Følg med på både trafikk og om du blir nemnt eller brukt i AI-svar.

Gasta sitt beste råd

Ein god hugseregel er å spørje seg sjølv “Kva får ein ut av å besøkje nettsida mi?” og “Kan eg gjere det meir tydeleg eller enklare for dei som kjem inn?” Tydelege, konkrete svar vil definitivt hjelpe nettsida di å bli meir synleg i AI-genererte resultat!

Og så er det verdt å vite at sjølv om ein fryktar mindre trafikk til nettsidene, har det totale besøket til alle våre nettsider i Gasta (over 500 stk.) gått opp med 5% så langt i år. Så folk brukar fortsatt nettsider aktivt, så lenge ho held seg aktuell og synleg …

Vil du ha hjelp til å sjå korleis nettsida di fungerer i AI-søk? Kontakt meg gjerne på vidar@gasta.no

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Nytt i Squarespace - Refresh 2025