20 spørsmål om Squarespace (FAQ)

Å satse på riktig publiseringsverktøy er viktig om du skal ha suksess med nettsidene. Det finst mange å velje i, men er du er på jakt etter eit system som er enkelt å arbeide med, driftssikkert og trygt - er Squarespace eit godt alternativ.

Her svarer vi på spørsmål om Squarespace:

  • Squarespace er eit alt-i-eit system for innhaldshandtering, eller CMS, content management system. Her kan ein lage websider, ha ekstern innhaldshandtering, registrere domene, selje produkt, lage nyheitsbrev og mykje meir.

  • Det kjem an på! Alle har unike behov for sine nettsider, men vi opplever at Squarespace fungerer svært godt for både små og store bedrifter. Som Squarespace-ekspert kodar og lagar vi nettsidene slik at dei er tilpassa den enkelte bedrift sine behov og kompleksitet. Les gjerne eit blogginnlegg vi har laga om forskjellane mellom Squarespace og WordPress.

  • Ja, dette er mogleg, men det kan ofte være problem med format på bilete og andre utfordringar kan oppstå. Vi anbefalar å bygge nettsider på nytt, heller enn å importere frå Wordpress.

  • Ja, absolutt! Squarespace-nettsider er lagra på deira eigen robuste infrastruktur. Her har dei full kontroll på alle deler av produktet. Det er ingen plugins frå andre produsentar som blir drifta på deira serverar. Nedetida er låg og du kan til ein kvar tid følgje status på denne sida.

  • Ingen platform kan gi 100% garanti for oppetid, men Squarespace har stor kapasitet på sine serverar som gjer at dei kan handtere store svingingar – og populære nettsider utan problem. Eit eksempel er at Squarespace sjølv annonserar i finalen i den største reklamebegivenheten i verda – Super Bowl i Amerikansk fotball – og dei har ikkje hatt problem med å ta unna trafikken som kjem som følgjer av den.

  • Det kjem an på kvaliteten på nettsida som er laga!
    Squarespace har element innebygd i templates som gjere det enkelt å få god score på søkemotorar. Sidebeskrivelse, sidetitlar, custom URL’s, søkemotorvennleg formatering og andre viktige SEO-element er alle enkelt tilgjengeleg for Squarespacebrukarar. Vi designar nettsider for å sikre høg ranking hjå søkemotorar, og brukar alltid ‘best practises’ når vi lagar nye nettsider. Dette er enkelt og billig i Squarespace då viktige funksjonar allereie er innebygd og ein ikkje treng dyre plug-ins.

  • Ja! Squarespace har sitt eige analyseverktøy kalla Squarespace Analytics der ein kan få tilgang til trafikkmønster, referansekjelder, og andre nøkkeltal. Vi installerer også Google Analytics til nettsida gjennom innebygd integrering for å kunne gjere meir detaljerte analysar.

  • Ja, Squarespace har ein eigen plattform for e-postkampanjar kalla Squarespace Email Campaigns. Denne er enkel å komme i gang med, men først og fremst er den rasjonell i bruk, ettersom det er kun nokre få tastetrykk for å sende ut blogginnlegg som nyheitsbrev.

  • Ja! 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Om ein treng support kan Squarespace gi deg assistanse når vi ikkje kan. Vi i Gasta tilbyr òg supportavtale, slik at de kan vere sikre på å få hjelp til utfordringar som måtte oppstå.

  • Ja, det gjer vi. Squarespace er eit svært brukarvennleg verktøy som gjer det enkelt for bedrifter å oppdatere innhald etter eige behov, og opplæringa skal gi deg ei god forståing av kordan ein endrar eller sett inn nytt innhald.

  • Det er enkelt! Det er berre å sende oss ein epost på post@gasta.no eller ring oss på 57627770. Då har vi ein gjennomprøvd og god prosess som skal gi deg gode og seljande nettsider.

  • Det kjem an på kompleksiteten på nettsida og tilgjengelegheit. Vanlegvis tar det 1 veke frå vi mottek materiale, eller er ferdige med å skape ein grafisk profil til nettsida er klar. Her inkluderer vi arbeidet med å optimalisere nettsida for SEO.

  • Vi tek oss av det. Vi endrar “routing”/DNS på domenet, og nettsidene er lanserte! Du kan også ha fleire domener knytta til nettsida, men det er eit domene som må vere hovuddomene.

  • Ja. Innhaldet på nettsida vil automatisk tilpasse seg mobil og nettbrett. Når du jobbar med innhald i Squarespace, kan du med eit tastetrykk sjekke om sida du lagar er mobilvennleg.

  • Ja, det kan du! Nettbutikk er ein integrert del av Squarespace, og er enkel og brukarvennleg. Støtte for kredittkort, PayPal og ApplePay, men ikkje støtte for Vipps.

  • Nei, absolutt ikkje. Den store fordelen med Squarespace er at du slepp det. Squarespace er eit alt-i-eitt-system der alle "plugins", eller blocks, som Squarespace kallar det, ligg tilgjegeleg med eit tastetrykk. Dette gjer at du unngår å forholde deg til ulike leverandørar av plugins. Her er alt styrt av Squarespace, og det gjer det enkelt for deg som brukar.

  • Dette talet går ikkje Squarespace ut med, men vi reknar med at talet ligg mellom 4 til 5 millionar nettsider basert på Squarespace på verdsbasis. Gasta har laga i overkant av 600 av dei:-). Squarespace hadde omsetning på 7,5 milliardar kroner i 2021 og er notert på NewYork-børsen.

  • Til alle moderne publiseringsverktøy må du betale ein lisenspris. Dei fleste av våre kundar har ein Business-lisens og prisane finn du på Squarespace si prisliste. Vi i Gasta tilbyr i tillegg supportavtale og vel du den, betaler vi lisensen til Squarespace og fakturerer deg for lisens og support ein gang i året. Ryddig og enkelt!

  • I Squarespace 7.1 er admin-grensesnittet på norsk. I 7.0 er admin-grensesnittet på engelsk. Dette har vist seg å ikkje vere eit problem, ettersom ein jobber veldig direkte på nettsida utan å forholde seg til mange menyval. Og så er det bokmål og ikkje nynorsk, thats life:-)