Miljøfokus i Gasta

På tampen av 2021 vart vi sertifisert Miljøfyrtårn. Vi ønskjer å vere ein pådrivar for miljøvennleg produksjon blant kundar og samarbeidspartnarar. Som eit byrå der det meste er digitalt, kan vi ta grep for forsvarleg datalagring, energieffektivisering og minst mogleg avfall.

Vår miljøpolicy

Vi ønskjer å vere ein føretrekt samarbeidspartner for prosjekter med høgt miljøfokus. Ved å setje krav til oss sjølve og våre samarbeidspartnarar, kan vi saman minimere miljøbelastninga ved gjennomføring av prosjekta.

Vi ønskjer også å opparbeide kunnskap om miljøsertifisering, ikkje berre for eigen del, men og for å kunne rettleie kundar til korleis kommunisere dette til sine kundar og samarbeidspartnarar.

Vår bedrift skal overhalde alle krav som stilles frå myndigheter, samt de krav vi har pålagt oss sjølv.

Vi har definert verdiane våre til å vere: Løysingsorientert, open og raus. Det ønskjer vi skal gå igjen også i miljøpolicyen vår. Vi skal snakke om miljø og klima, vi skal vere open for nye løysingar og vi skal vere rause med kvarandre når vi prøver nye tiltak.

Våre mål

  1. Vi ønskjer mellom anna å få eit betre inneklima, ha fokus på fysisk aktivitet og ha lågt sjukefråvær.

  2. Vi skal vere bevisst og oppdatert på miljøvennlege løysingar, slik at vi kan påverke kundar og samarbeidspartnarar.

  3. Vi skal bli meir bevisst på småendringar som utgjer ein forskjell. Herunder reduksjon av avfall, krav til utleigar om miljøvennlege løysingar på energibruk og avfallshandtering. Vi skal ha fokus på å prente mindre, sortere avfallet og reparere framfor å kjøpe nytt utstyr.

  4. Vi skal ha fokus på kva data vi lagrar og slette unødvendige dokument som stel lagringsplass og energibruk.

  5. I tillegg skal vi ha fokus på transport til og frå jobb og oppmode til utsleppsfri transport, som å sykle eller gå.

  6. Vi skal opparbeide betre kunnskap om miljøsertifisering, slik at vi kan rettleie våre kundar om korleis dei kan kommunisere sitt miljøfokus til kundar og samarbeidspartnarar.