ZERoh! – fargerike nettsider for fleire land

ZERoh! er ein del av Lerum, men har eit ganske anna uttrykk enn dei tradisjonelle Lerum-produkta. Her er det friske smakar, sterke fargar og mykje energi – og det ville vi ta med vidare på nett.

Vi har utvikla webdesign og nettsider i Squarespace, med store produktbilde og eit lett og leikent uttrykk. Løysinga er bygd for å fungere på tvers av fleire land, samtidig som innhaldet enkelt kan tilpassast lokalt.

Om prosjektet

Fagområde: nettside

Kunde: Lerum AS

Kunde sidan: 2019

Nettside: zeroh.no, zeroh.se, zeroh.fi

Produkta i sentrum

Med mange smakar i sortimentet skal det vere enkelt å utforske og finne favorittane. Vi har utvikla eit ryddig og fleksibelt produktoppsett som gir produkta god plass, og som enkelt kan oppdaterast når nye smakar kjem til.

Same univers i fleire land

Nettsidene byggjer på det same designet og oppsettet, men innhaldet kan tilpassast kvart enkelt land. Det gir ZERoh! eit heilskapleg digitalt uttrykk, samtidig som løysinga er fleksibel når nye behov eller nye land kjem til.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Forrige
Forrige

Våningshuset - Merkevare | Visuell identitet | Nettsider

Neste
Neste

Argus Remote Systems - Nettsider