Bulbitech – ny nettside for spennande norsk helseteknologi

Kva kan augerørsler fortelje oss om helsa vår? Ganske mykje, skal vi tru Bulbitech.

Det norske teknologiselskapet utviklar løysingar som analyserer augerørsler og gir helsepersonell objektive data som kan bidra til å oppdage og følgje opp nevrologiske og oftalmologiske tilstandar.

Vi i Gasta har fått vere med på ein liten del av reisa, gjennom utvikling av ny nettside og eit nytt digitalt uttrykk.

Om prosjektet

Fagområde: Nettside og webdesign

Kunde: Bulbitech AS

Gjennomført: 2026

Nettside: bulbitech.com

Frå avansert teknologi til ei tydeleg nettside

Når ein jobbar med avansert og nyskapande teknologi, er det ekstra viktig å kommunisere enkelt og tydeleg. Vi bygde nettsida i Squarespace og utvikla webdesignet med utgangspunkt i Bulbitech sin eksisterande profil.

Vi har jobba med struktur, oppbygging og design for å skape eit ryddig og moderne uttrykk, der produktet og teknologien får stå i sentrum.

Spennande å få vere med på startup-reisa

Det er noko ekstra kjekt med å jobbe med selskap som utviklar heilt nye løysingar. Bulbitech vart etablert i 2015 og samarbeider i dag med forskings- og fagmiljø i fleire land. Ambisjonen er å gjere objektiv, programvarebasert analyse av augerørsler meir tilgjengeleg i klinisk praksis.

For oss i Gasta har det vore eit spennande prosjekt å få vere med på – og vi gler oss til å følgje Bulbitech vidare.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Emilie Brynjulfsen, rådgivar
emilie@gasta.no
918 91 939

Forrige
Forrige

ZEM - Rebranding | Nettsider

Neste
Neste

ZERoh! - Nettsider