AI-policy i Gasta
Sist oppdatert: 27. november 2026
Vi i Gasta brukar AI (kunstig intelligens) som eit verktøy i det daglege arbeidet. AI gjer oss raskare, men det er alltid menneske som står for vurderingane, kvaliteten og ansvaret for det vi leverer. Her er korleis vi brukar AI og korleis vi tek vare på deg som kunde.
Kva vi brukar AI til
Idear, skisser og førearbeid til tekst, design og konsept
Utkast til tekst, som vi alltid bearbeider og tilpassar identiteten og tonen til kunden
Bilete og illustrasjonar, når det passar for oppdraget
Kode og tilpassingar på Squarespace-nettsider
Analyse, oppsummering og intern effektivisering
Verktøy vi brukar
Vi brukar desse AI-verktøya:
Claude (Anthropic) med Team-avtale, til tekst, analyse og kode
ChatGPT (OpenAI) med Business-avtale, tidlegare kalla Team, til tekst og idear
Midjourney til illustrasjonar og visuelle skisser
Claude og ChatGPT brukar vi med bedriftsavtale. Der blir ikkje innhaldet vårt brukt til å trene modellane. Midjourney har ikkje ein slik avtale, så der lastar vi aldri opp kundemateriale, personopplysningar eller bilete av personar. Lista blir oppdatert når vi tek i bruk nye verktøy.
Slik tek vi vare på dataa dine
Ingen personopplysningar eller fortrulege opplysningar i offentlege AI-verktøy. Det gjeld mellom anna personopplysningar, forretningsløyndomar, innloggingsinformasjon og upublisert materiale frå kundar.
Kundemateriale berre i godkjende verktøy. Treng vi å bruke kundemateriale, gjer vi det berre i verktøy med bedriftsavtale og databehandlaravtale. Leverandørane står i personvernerklæringa vår.
Du kan seie nei. Ønskjer du at vi ikkje brukar AI på materialet ditt, seier du ifrå, så respekterer vi det.
Openheit
Vi seier ifrå når ein leveranse inneheld AI-genererte bilete eller vesentleg AI-generert innhald.
Lagar vi AI-funksjonar på ei nettside, til dømes ein chatbot, skal det gå tydeleg fram for brukarane at dei snakkar med AI.
Kvalitet, rettar og plagiat
Alt AI-produsert innhald blir kontrollert av eit menneske før det blir levert.
Vi sjekkar fakta og unngår innhald som kan krenkje andre sine rettar, til dømes bilete «i stilen til» kjende kunstnarar eller merkevarer.
Det de har kjøpt, eig de på same måte uavhengig av om vi har brukt AI i arbeidet.
Regelverk
Vi følgjer personopplysningslova og åndsverklova, og vi brukar Digitaliseringsdirektoratet sine råd om generativ KI som støtte. EU si forordning om kunstig intelligens (AI Act) er venta å bli norsk lov gjennom den nye KI-lova. Vi følgjer med og oppdaterer retningslinjene når lova kjem.
Oppdatering
Vi går gjennom retningslinjene minst ein gong i halvåret. Datoen øvst viser når dei sist vart endra.