Kva kostar ei nettside?

Prisen på ei nettside kjem an på omfang, innhald, design og funksjonalitet. Vi har laga over 650 nettsider i Squarespace og har god erfaring med å kartlegge behov og gi ein konkret pris før vi startar.

Under ser du kva du typisk kan få innanfor ulike budsjett:

30.000 - 50.000 kr

For mindre nettsider og tydelege behov.

For mindre verksemder eller organisasjonar kan vi kome langt innanfor dette budsjettet. Vi lagar ei profesjonell nettside med merkevara som utgangspunkt, tydeleg kommunikasjon og eit godt visuelt uttrykk.

Passar typisk for nettsider med:

  • Nokre få undersider og ei oversiktleg mengde innhald

  • Enkel struktur

  • Lite spesialfunksjonar og integrasjonar

  • Grunnleggande tilrettelegging for SEO og AI-søk

50.000 - 70.000 kr

For verksemder med større behov

Denne prisklassen passar for verksemder og organisasjonar med meir innhald, fleire undersider og ein større struktur. Her er det meir rom for å jobbe med merkevare, innhald, brukaroppleving og tilpassa design.

Passar typisk for nettsider med:

  • Fleire undersider og meir innhald

  • Større behov for struktur og informasjonsdesign

  • Meir arbeid med tekst, SEO og synlegheit i AI-søk

  • Fleire språk eller integrasjonar mot andre system

70.000 - 100.000+ kr

For større og meir komplekse nettsider

Dette er prosjekt med mykje innhald, mange undersider, fleire målgrupper eller meir avanserte behov. Her bruker vi meir tid på innsikt, struktur, innhald, design og funksjonalitet.

Passar typisk for nettsider med:

  • Mange undersider, mykje innhald eller fleire målgrupper

  • Meir komplekse strukturar og brukar­reiser

  • Omfattande arbeid med innhald, SEO og AI-søk

  • Integrasjonar og behov for spesialtilpassa funksjonalitet

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere?

Fyll ut ut skjema - og vi tar kontakt.

Ved å sende inn, godtek du vår personvernerklæring.

Prøve å lage nettsida sjølv med AI?

Då kan du prøve Squarespace Blueprint AI. Du kan kome langt på eiga hand, særleg dersom du har innhald og bilde klart og kan drive nettsideprosjektet framover sjølv.

Squarekick er eit konsept utvikla av oss i Gasta for deg som har eit mindre budsjett, men gjerne vil ha ein Squarespace-ekspert i ryggen. Vi hjelper deg med det du treng for å kome i mål.


Start å lage nettsiden sjølv