Nor Tekstil – ny nettside for Noregs leiande tekstilservice

Nor Tekstil leverer tekstilservice til bedrifter over heile Noreg. Med 26 vaskeri, landsdekkande logistikk og tenester til alt frå helse og hotell til industri og offshore, var det mykje som skulle få plass på den nye nettsida.

Oppgåva vår var å rydde, strukturere og gjere det enklare å forstå både kven Nor Tekstil er, kva dei leverer og kva som skil dei frå andre aktørar.

Om prosjektet

Fagområde: nettside

Kunde: Nor Tekstil

Gjennomført: 2026

Nettside: nortekstil.no

Ei stor nettside med mykje godt innhald

På den nye nettsida har vi jobba mykje med struktur og informasjonsdesign for å gjere eit stort innhaldsunivers enklare å finne fram i. Tenestene er mellom anna organiserte etter bransje, slik at ulike målgrupper raskt kan finne fram til løysingane som er relevante for dei.

Samtidig har det vore viktig å gi plass til historiene om teknologi, menneske, berekraft og sirkulær bruk av tekstilar.

Nytt webdesign i Squarespace

Nettsida er utvikla i Squarespace, med eit nytt webdesign som byggjer vidare på den etablerte visuelle identiteten til Nor Tekstil.

Vi har jobba med tydelege inngangar, store bilde og fleksible seksjonar som gir god plass til innhaldet. Resultatet er ei moderne og oversiktleg nettside som gjer det enklare å finne fram til Nor Tekstil sine tenester.

Sjå nettsida på nortekstil.no

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Neste
Neste

ZEM - Rebranding | Nettsider