ZEM – rebranding og nettside for pioneren innan utsleppsfri maritim teknologi
Når veksten kjem raskt, blir ofte merkevarebygging, design og kommunikasjon nedprioritert. Det var også tilfelle hos ZEM.
Bedrifta på Høvik er ein verdsleiande systemintegrator av elektriske og hybride framdriftssystem for den maritime sektoren. Dei siste åra har selskapet opplevd sterk vekst, frå 31 til 298 millionar kroner i omsetning på berre fem år.
Trass i den imponerande veksten var merkeløftet uklart. Det fanst verken ein tydeleg visuell profil eller ein definert fargepalett. Før arbeidet med nye nettsider starta, vart det difor gjort eit viktig grunnarbeid med rebranding og visuell identitet.
I 2025 lanserte vi nye nettsider for ZEM – basert på eit tydelegare merkevaregrunnlag og eit meir heilskapleg visuelt uttrykk.
Utgangspunktet før vi starta prosjektet:
Rebranding og 3D-visualisering
I samarbeid med Studio Riis og Katinka von der Lippe vart det gjennomført ein prosess med rebranding, produktifisering av tenestene - og ikkje minst har Studio Riis produsert 3D-visualiseringar av produkta:
Nye nettsider i Squarespace
Eksisterande logo vart vidareført, ny fargepalett og nytt webdesign vart utvikla.
Webdesignet har fokus på at målgruppa raskt skal få overblikk over “The ZEM Solution” og bruksområdene eller “applications” der teknologien deira blir brukt.
Designet er enkelt og ryddig, med fokus på seksjonar, som kunden ved hjelp av Squarespace sin Saved Sections-funksjon lett kan endre og bearbeide.
Nytt merkeløfte
Med den nye nettsida vart det også introdusert eit nytt merkeløfte “Powering the green maritime future” og ei kort kjernehistorie “ZEM is the worlds leading integrator of marine electric and hybrid drivelines”.
Har du eit rebranding- eller nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!
Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323
Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619