Bild av en fin innendørs restaurant med store vinduer, hvite gardiner og en lang borddekking, reklame for Våningshuset med tekst om å komme hjem."

Merkevare

Kva har dei mest suksessrike merkevarene til felles? Dei er meiningsfulle, tydelege og konsistente.

Vi har forma eit rammeverk tilpassa små og mellomstore bedrifter, slik at vi kan hjelpe kundane våre med ein litt enklare merkevareprosess som ikke treng å koste skjorta.

La oss diskutere prosjektet ditt

Bygg ei merkevare som folk hugsar

Det aller meste vi gjer i Gasta, tek utgangspunkt i ei nettside i Squarespace. Men for å ha ei nettside med kraft i, må du ha ei sterk merkevare i bunn. Du treng eit visuelt og verbalt språk som folk legg merke til – og hugsar. Du må vere meiningsfullt annleis for å skilje deg ut frå konkurrentane. Og du bør vere konsis på tvers av alle plattformer, slik at bodskapen ikkje spriker.

Slike prosessar kan virke omfattande. Det er lett å hoppe rett til utvikling av nettsida.

Vi i Gasta har god erfaring med å gjere merkevareprosessen enklare. Vi jobbar m.a. etter eit rammeverk som er tilpassa små og mellomstore norske bedrifter – basert på prinsippa i “Kortreist merkevarestrategi”.

Dette gir ein prosess slik vi i Gasta likar å jobbe: effektivt og strategisk.

Sirkeldiagram om Gasta-nettsider, med fem elementer: Finn superkunder, Bygg kategori, Skriv kjernehistorie, Visuell identitet, Intern forankring.

Kortreist merkevarestrategi

La oss ta deg gjennom rammeverket:

Prosjekt

En fargesterk og geometrisk designet pultmappe med teksten 'HKS Oslo' plassert på en brun stol med treben.

HKS Oslo - Helsestasjon for kjønn og seksualitet

HKS Oslo hadde behov for fornying – nytt namn på chattetenesta og ein profil som viser at dei er meir enn berre ei chat-teneste. Her finn du fagpersonar, kunnskap og kvalitetssikra informasjon om kjønn og seksualitet for alle.

Merkevara framstår som kunnskapsrik, uavhengig og open, men forankra i Oslo kommune sitt sterke fagmiljø.

Tre vindusposter med bilder av stabler av epler, skilt med teksten "Sider fra Sogn", og fargede bakgrunner i blå, gul, og grønn.

Sider frå Sogn

Det skulle byggjast ei ny merkevare inn i ein marknad med mange andre siderar. Kva er kategorien til Sider frå Sogn? Korleis skilja seg ut? Alle produsentane i Sogn Frukt- og Siderlaug har gått saman om å skape ei merkevare som står for rå stoltheit og sprudlande variasjon.

Her finn du både lang historie, stolte eplebønder og kreative produsentar som lagar sider med stor variasjon. Farge, smakar og siderstilar varierer – og gjer Sider frå Sogn til ein drikk for alle!

Diskutere merkevareprosjekt med oss? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323

Ingvild Helle Hagen, digital marknadsførar
ingvild@gasta.no
928 81 906