Sogndal Folkehøgskule - kommunikasjon for ei ung målgruppe i endring

Sogndal folkehøgskule ligg midt mellom fjord og fjell og tilbyr linjer innan mellom anna friluftsliv, idrett, ski og reise. Korleis framtidige elevar finn informasjon, vurderer alternativ og brukar digitale flater, er i stadig endring.

Vi har jobba med Sogndal folkehøgskule over fleire år, både med nettsida og ulikt materiell. Saman utviklar vi uttrykket og kommunikasjonen vidare i takt med målgruppa og behova til skulen.

Om prosjektet

Fagområde: rebranding, nettside, reklame

Kunde: Sogndal Folkehøgskule

Gjennomført: 2025

Nettside: sogndal.fhs.no

Meir visuelt og rett på sak

For å nå ei ung målgruppe må kommunikasjonen vere tydeleg, visuell og lett å ta inn. På nettsida har vi jobba med å forenkle innhaldet, skape tydelege inngangar og gi bilde og video god plass.

Linjene, opplevingane og miljøet på skulen står sentralt, samtidig som det skal vere enkelt å finne den praktiske informasjonen ein treng.

Eit uttrykk på tvers av flater

Samarbeidet handlar om meir enn nettsida. Vi lagar også materiell som skulen brukar i møte med nye elevar, og jobbar for at uttrykket skal henge godt saman på tvers av ulike flater.

Behova og kanalane endrar seg, og kommunikasjonen må utvikle seg med dei. Derfor justerer og vidareutviklar vi både nettsida og materiellet undervegs.

Les meir om korleis vi jobbar med marknadsføringa av Sogndal folkehøgskule

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Forrige
Forrige

Sognaregionen - Nettsider

Neste
Neste

Campus Sogndal - Rebranding | Visuell identitet | Nettsider