Frå iChatten til HKS Oslo: Rebranding og ny nettside

HKS Oslo, Helsestasjon for kjønn og seksualitet, har hatt ei spennande reise. Frå ei underkommunisert chatteløysing til ein tydeleg og stolt kunnskapsportal med ny identitet.

HKS Oslo starta med eit ønske om å forbedre ichatten.no, ei chatteteneste for ungdom og vaksne som ønskjer å prate om kjønnsidentitet og seksualitet med fagpersonar. Men det som starta som ei enkel nettsideutviding, vaks til å bli ein rebranding med nytt namn og domene. Det var behov for ein sterkare Oslo-identitet og ny struktur på nettsida, i tråd med Oslo kommune sin profil.

– Vi starta med ei enkel chatteside då vi kontakta Gasta. Men så begynte nettsida å vekse, raskare og meir omfattande enn vi hadde sett for oss, fortel Cecilie Nordfeldt, spesialkonsulent i HKS Oslo.

“Kva ønskjer vi å seie, og til kven?”

Gjennom ein god prosess fekk HKS Oslo og Gasta utforska kven HKS eigentleg er, og korleis dette best kan formidlast digitalt. Astri bidrog i arbeidet med merkevareprosess og identitet, medan utviklar Simon fekk ansvar for design og struktur på den nye nettsida.

– Gasta bidrog med gode forslag og hjelp til å avklare og tydeleggjere profilen vår. Dei var raske og strukturerte, og utfordra oss til å tenkje gjennom det grunnleggjande: Kva ønskjer vi å seie, og til kven? Det hjelpte oss å bli meir bevisste på kven vi er og korleis vi vil kommunisere, seier Nordfeldt.

Ny nettløysing, meir kunnskap

Den nye nettsida består no av både chat og ein kunnskapsportal som er tett integrert og lett å dele frå. Namnet og designet er modernisert i tråd med Oslo kommune sin visuelle profil, men utan å miste varmen og tryggleiken som tenesta er kjent for.

– Vi er veldig stolte av resultatet. Det er mykje enklare å dele informasjon frå sidene no, og vi har allereie fått fine tilbakemeldingar frå brukarar og frå kollegaer i feltet. At leiaren i Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens (PKI Norge) roste både sidene og prosessen, tar vi som eit godt teikn, seier ho.

Vil du lese meir om HKS Oslo og sjå den nye nettstaden? Sjå hksoslo.no

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

ZEM – ny nettside for pioneren innan utsleppsfri maritim teknologi

Neste
Neste

Effektive AI-verktøy i Squarespace