berekraftkommunikasjon

Å vere berekraftig gir deg eit konkurransefortrinn, men ikkje før du fortel om det.

Som Miljøfyrtårn, ønskjer Gasta å vere ein pådrivar for å auke fokuset på berekraft hos kundane våre. Skal vi nå FN sine berekraftsmål må næringslivet ta enda større ansvar og iverksetje konkrete tiltak. Bedrifta di må ha fokus på berekraft om de skal vere konkurransedyktige i tida som kjem.

Men då må du fortelje om det, noko vi kan hjelpe deg med!

Berekraftkommunikasjon - kva og korleis?

Mange har allereie hatt fokus på berekraft i fleire år og investert mykje. Men korleis kommunisere det bedrifta driv med på ein god måte? Som digitalt byrå med god kompetanse på innhaldsproduksjon og design, kan vi hjelpe deg med kva du bør sei og korleis du bør sei det.

Samtidig skal vi ikkje grønvaske. Vi kan ikkje snakke høgt om berekraft utan at vi faktisk gjer verda litt betre. Kommunikasjonen må vere ærleg og transparent.

Berekraftoppgåver vi kan hjelpe deg med:

  • Kommunikasjonsstrategi

    Kva gjer bedrifta i dag og kva mål har de? Mange av kundane våre har allereie dette forankra i strategien, men korleis kommunisere det? Vi gir fagleg sparring og rådgiving på berekraftkommunikasjon.

  • Landingsside berekraft

    Kva er det første du fortel kundane? Kva er motivasjonen for å jobbe med berekraft? Ei eiga landingsside der du fortel dette, vil gi kundane dine god oversikt. I tillegg vil det gi deg betre treff hos søkemotorane.

  • Innhaldsmarknadsføring

    Dette er den viktigaste delen av kommunikasjonen. Her viser du konkrete eksempel på berekraftig arbeid som du kan dele i eigne kanalar. Klarar du kontinuitet i arbeidet, og gjentek målsetjinga internt og eksternt, byrjar du å få ein gjennomarbeida berekraftkommunikasjon - utan å grønvaske.

    Vi hjelper deg gjerne med å finne gode historiar og vinklingar, produsere innhald og nå målgruppane - gjerne på fast basis.

  • Berekraftrapport, presentasjonar og anna materiell

    Vi hjelper deg med å sette opp ein berekraftrapport alle tilsette kjenner til. I tillegg kan vi lage klar presentasjonar og anna materiell bedrifta kan ha med i møte med kundane. Slik vil heile bedrifta snakke same språk og kundane lettere forstå.

Ta kontakt med oss, så kan vi rettleie deg.

Prosjekt med berekraftkommunikasjon

Kontaktpersoner

Astri Knudsen
Ass. byråleiar / digital rådgivar

+47 984 08 619
astri@gasta.no

Ragnhild Myklemyr
Digital rådgivar / innhaldsprodusent

+47 918 80 735
ragnhild@gasta.no