innsikt og rådgiving

Vi er opptekne av at nettsider og digital annonsering skal skape vekst. Dette skjer ved å utvikle, teste, måle, analysere og justere. Om igjen og om igjen. Dette gir oss erfaring vi kan nytte til å rådgi deg.

Analysar

For at vi, saman med kunden, kan gjere gode endringar og identifisere forbetringsområder - er tilgang til analysedata viktig. Vi gir deg tilgang til desse verktøya:

  • Squarespace Analytics

  • Google Analytics

  • Google Search Console

Rapportar

Vi kan tilby deg å motta rapportar på fast basis. Vi blir enige om nøkkeltal som skal rapporterast og frekvens.

I tillegg til tal frå nettsida, kan du også få analysetal frå annonsekampanjar i Google Ads, Facebook ads eller LinkedIn ads.

Dashboard

Vi kan også sette opp dashboard/monitor for deg, slik at du har full oversikt heile tida.

Nøkkeltala i dashbordet blir vi enige om, men du kan få inn tal frå nettsida, sosiale medium - og ikkje minst kan du ha oversikt over resultat av kampanjane dine på Google, Facebook, YouTube, LinkedIn.

Monitorering

Vi har oversikt over alle nettsidene Gasta har utvikla og monitorerer statusen. Vi får inn feilmeldingar frå Google Search Console og Squarespace og handterer desse.

I tillegg har vi eige dashbord med oversikt over di nettside og alle andre, og kan sjå om nettsida har feil og mangler. Dette er inkludert i Gasta driftsavtale.