Ny funksjon i Squarespace gjer designarbeidet til ein leik

“Saved Sections” er ein ny funksjon i Squarespace 7.1 som verkeleg gjer det til ein fryd å arbeide på nettsida. Sjå her!

I Squarespace sin nyaste versjon 7.1 byggjer vi opp innhaldet på ei underside ved å bruke seksjonar. Ein seksjon kan lagrast som ein seksjonsmal, eller Saved Section på engelsk, ved å klikke på hjarte. Dette gjer at du kan hente fram denne seksjonen andre steder på nettsida, og berre endre tekst og bilde.

Slik kan du ta vare på seksjonar med godt og funksjonelt design, og bruke igjen andre stader på nettsida utan at du må lage alt på nytt. Genialt - og tidbesparande!!

I videoen under kan du sjå korleis vi bruker ein seksjonsmal, eller “saved sections”:

Har du spørsmål eller treng hjelp til å lære dette, ta gjerne kontakt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Derfor bør du konvertere til Squarespace 7.1