Fast oppfølging av nettsida

Ei nettside blir aldri heilt ferdig. Med fast oppfølging frå Gasta kan vi passe på at ho fungerer godt, gjere løpande forbetringar og hjelpe deg med synlegheit i Google og AI-søk. Du vel sjølv kor mykje oppfølging du treng.

Tre nivå av oppfølging

Vi set av fast tid til nettsida di kvar månad. Kva vi følger opp og jobbar med, kjem an på kva pakke du vel og kva prioriteringar vi blir einig om.

Nettside
2.900 kr/mnd.

Ver trygg på at nettsida fungerer godt og blir følgd opp jamleg.

  • Teknisk kvalitetssjekk

  • Mobil og brukaroppleving

  • SEO, metadata og alt-tekstar

  • Enkel sjekk av trafikk på nettsida

  • Mindre justeringar og forbetringar

Synlegheit og AI-søk
5.900 kr/mnd.

Utvikle nettsida vidare og få hjelp til å styrke synlegheita i Google og AI-søk.

  • Alt under Nettside, pluss:

  • Overvaking av trafikk og synlegheit i AI-søk

  • Testing og oppfølging av relevante prompts

  • Forbetring av innhald og struktur for søk og AI-søk

  • Rapportering med konkrete forslag til tiltak

  • Fast rådgiving og prioritering

Digital partner
tilpassa behov

Få ein fast digital samarbeidspartnar som hjelper deg med å prioritere og gjennomføre digitale tiltak.

Kan mellom anna omfatte:

  • Nettside, SEO og AI-søk

  • Analyse og rådgiving

  • Digital marknadsføring og kampanjar

  • Nye sider og digitale tiltak

  • Innhaldsproduksjon, inkl. bilde og video

Kva gjer vi kvar månad?

Vi blir einige om ein fast timepott og kva vi skal prioritere. Nokre ting kan vi sjekke fast, medan andre oppgåver varierer etter kva nettsida treng.

Det kan vere mobilvisning, lenker, skjema, innstillingar, design, metadata, alt-tekstar, trafikk eller andre ting vi ser bør justerast.

Vi skal ikkje nødvendigvis gjennom alt kvar månad. Poenget er å bruke tida der ho gir mest verdi – og fange opp behov før små problem blir store.

Meir om AI-søk

Stadig fleire bruker ChatGPT, Gemini og andre AI-tenester for å finne bedrifter, produkt og tenester. Det betyr at nettsida ikkje berre bør vere synleg i Google, men også gi AI-tenestene tydeleg og truverdig informasjon å hente frå.

Les meir om korleis vi jobbar med AI-søk

Usikker på kva som passar bedrifta di?

Vi hjelper deg gjerne med å finne rett nivå og ein timepott som passar nettsida og behova dine.

Astri Knudsen

Dagleg leiar / rådgivar
astri@gasta.no | 984 08 619