Våningshuset - for organisasjonar og bedrifter som vil finne ro og tenke nytt

Våningshuset er eit unikt prosjekt som kombinerer historie, estetikk og draumen om å skape eit eige tilbod for bedrifter og organisasjonar på Hellerud gard utanfor Oslo. Gasta har utvikla ein ny visuell identitet, bidrege i merkevareprosessen og utvikla nettsida – alt med mål om å formidle sjela i prosjektet og inspirere til auka fokus på berekraft.

Logoen er enkel og moderne, og står i stil med logoen til Norges Vel. Fargepaletten er forankra i naturen og speglar att fargane huset er pussa opp med. Dette gir eit uttrykk som kombinerer det rustikke, det historiske og det ambisiøse.

Nettsida vaningshuset.no er rik på flotte bilete, noko som gjer ho både levande og informativ. Her kan ein lett bli kjent med prosjektet, følgje utviklinga og få eit innblikk i visjonane bak.

Takk for oppdraget, vi følgjer spent med vidare.

Om prosjektet

Fagområde: visuell identitet, merkevare, nettside

Kunde: Norges Vel

Kunde sidan: 2001

Behov: Våningshuset er eit nytt prosjekt, så her trengde dei alt frå det visuelle, strategisk manus og ei god nettside.

Nettside: Vaningshuset.no

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Forrige
Forrige

Bulbitech - Nettsider

Neste
Neste

ZERoh! - Nettsider