Argus Remote Systems - ny nettside for norsk undervassteknologi
Argus Remote Systems har utvikla og produsert elektriske ROV-ar i Bergen sidan 1991. I dag leverer dei avanserte undervassfarkostar til kundar over heile verda, mellom anna innan havbruk, energi, forsking og andre krevjande operasjonar under vatn.
Vi har utvikla ny nettside og webdesign i Squarespace, med mål om å presentere både produkta og teknologien på ein tydeleg og profesjonell måte. Nettsida skal samtidig vere eit godt verktøy for sal og kommunikasjon.
Om prosjektet
Fagområde: nettside
Kunde: Argus Remote Systems AS
Kunde sidan: 2023
Behov: Nettside med forbetra salsstøtte i innsalsprosessen
Nettside: argus-rs.no
Enklare å finne rett produkt
For Argus er produkta noko av det viktigaste innhaldet på nettsida. Vi har derfor jobba mykje med struktur og navigasjon, og utvikla ein megameny som gir rask tilgang til dei ulike ROV-ane og produktkategoriane.
På produktsidene er det enkelt å få oversikt over eigenskapar og finne fram til relevant teknisk informasjon.
«Tusen takk så langt for fantastisk god service. Vi er veldig fornøyde med arbeidet dere har gjort ifm. den nye nettsiden vår. Dere traff veldig bra på det vi så for oss på design.»
Eit digitalt uttrykk for ein internasjonal aktør
Designet er reint og teknisk, med store bilde og video som viser både produkta og miljøa dei opererer i. Resultatet er ei oversiktleg nettside som presenterer Argus og teknologien deira for kundar over heile verda.
Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!
Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323