Norges Fjellstyresamband – éi løysing for 29 lokale fjellstyre

Norges Fjellstyresamband er interesseorganisasjonen for fjellstyra i Noreg. Då dei skulle ha ny nettside, var behovet større enn berre ei ny nettside for organisasjonen. Dei lokale fjellstyra trong også ei god og effektiv løysing for sine eigne nettsider.

Vi utvikla derfor nettsida til Norges Fjellstyresamband i Squarespace, og bygde samtidig ein mal basert på same design og struktur. Denne er teken i bruk av alle dei 29 lokale fjellstyra.

Om prosjektet

Fagområde: nettside, nettbutikk

Kunde: Norges Fjellstyresamband

Gjennomført: 2017/2024 (vi lanserer fortsatt nye!)

Nettside: fjellstyrene.no

Ein mal, mange nettsider

Med ein felles mal slepp kvart fjellstyre å starte frå botnen. Dei får eit gjennomarbeidd design, god struktur og dei viktigaste sidetypane på plass, samtidig som innhald og bilde kan tilpassast lokalt.

Det gir fjellstyra ei rimelegare nettside, og gjer det samtidig effektivt for oss å etablere nye sider. Squarespace er enkelt å bruke og oppdatere, slik at fjellstyra kan gjere mykje sjølve. Samtidig har dei ein felles supportavtale med Gasta og kan få hjelp når dei treng det.

«Nettside-prosjektet har vært en stor suksess - helt fra oppstarten i 2017 til vi i dag videreutvikler løsningen og får med oss flere fjellstyrer på samme plattform. Og Gasta har vist seg å vere riktig samarbeidspartner for oss og fjellstyrene!»
— Torgeir Lande, rådgiver Norges Fjellstyresamband

Meir enn ei nettside

På hovudnettsida til Norges Fjellstyresamband har vi også utvikla ein nettbutikk for tilsette i fjellstyra, der dei kan bestille profilerte klede, utstyr og anna materiell. Her har vi også laga eit enkelt intranett for deling av informasjon, dokument og ressursar internt i organisasjonen.

Målet var å samle fleire behov på same plattform og gjere kvardagen enklare for både administrasjonen og dei lokale fjellstyra.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323

Forrige
Forrige

Lerum - Nettsider | Digital markedsføring

Neste
Neste

Sognaregionen - Nettsider