Lerum – ei tradisjonsrik merkevare på digitale flater

Lerum har laga saft og syltetøy i Sogn sidan 1907 og er i dag ei av dei mest kjende merkevarene frå regionen. Historia, produkta og den sterke lokale forankringa gir mykje godt innhald å bygge vidare på.

Vi har samarbeidd med Lerum over fleire år og jobbar med nettsida og den digitale kommunikasjonen deira. Målet er å ta vare på det som er typisk Lerum, samtidig som uttrykk, innhald og løysingar utviklar seg vidare.

Om prosjektet

Fagområde: nettside, digital markedsføring

Kunde: Lerum

Kunde sidan: 2001

Nettside: lerum.no

Produkta, historia og folka

lerum.no skal det vere enkelt å finne fram til produkta, men nettsida skal også fortelje historia om Lerum og vise fram menneska og verdiane bak merkevara.

Vi har jobba med struktur, innhald og webdesign, og produserer også innhald til andre digitale flater. Mellom anna har vi laga videoar for Lerum, der historia, folka og den lokale forankringa får spele hovudrolla.

Sjå videoene vi laga for Lerum

Eit samarbeid som utviklar seg

Nettsida blir vidareutvikla i takt med nye behov. Vi følger Lerum fast og jobbar løpande med justeringar, brukaroppleving, teknisk kvalitet og synlegheit i Google og AI-søk.

Slik kan vi både ta vare på det som fungerer godt og utvikle nettsida vidare når behova og dei digitale vanane endrar seg.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Forrige
Forrige

Campus Sogndal - Rebranding | Visuell identitet | Nettsider

Neste
Neste

Våningshuset - Merkevare | Visuell identitet | Nettsider