Sognaregionen – ny nettside for seks kommunar
Sognaregionen er samarbeidet mellom Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik. Her blir det samarbeidd om alt frå samfunns- og næringsutvikling til mobilitet, klima og felles kommunale tenester.
Vi har utvikla ny nettside og webdesign i Squarespace, med mål om å skape ein tydelegare digital profil og gjere det enklare å forstå kva Sognaregionen er, kva dei jobbar med og finne fram i alt innhaldet.
Mykje innhald krev god struktur
Med seks kommunar, mange fagområde, prosjekt og målgrupper var struktur ein viktig del av nettsideprosjektet.
Vi har utvikla malar og faste oppsett som gir innhaldet eit heilskapleg uttrykk og gjer det enklare å finne fram. Sognaregionen har sjølv gjort ein stor jobb med innhaldet, medan vi har hjelpt til med oppsett, justeringar og mobiltilpassing undervegs.
Resultatet er ei fleksibel nettside som kunden enkelt kan halde oppdatert og utvikle vidare sjølv.
Éin region. Felles kraft.
Som ein del av prosjektet utvikla vi også ein illustrasjon som visualiserer samarbeidet mellom dei seks kommunane.
Med Sognefjorden som utgangspunkt har vi samla kommunane i eit enkelt grafisk uttrykk som viser både geografien og tanken bak Sogneregionen: Seks kommunar som står sterkare saman.
Sjå nettsida på sognaregionen.no
Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!
Emilie Brynjulfsen, rådgivar
emilie@gasta.no
918 91 939