Momas og Fosna – to sykkelmerke, to ulike uttrykk

Momas og Fosna er to sykkelmerke frå E-Wheels, men med ulike målgrupper og posisjonar. Momas skal treffe breitt, medan Fosna er eit meir eksklusivt merke. Behovet var derfor to eigne nettsider som kunne bygge kvar sin merkevare – utan direkte sal.

Vi utvikla webdesign og nettsider i Squarespace, med eigne uttrykk for dei to merka og ein felles struktur i botnen.

Om prosjektet

Fagområde: nettsider

Kunde: E-wheels

Kunde sidan: 2021

Nettside: momasbikes.com fosnabikes.com

Ein effektiv prosess

Først utvikla vi design, struktur og oppsett for Momas. Då denne nettsida var på plass, brukte vi same grunnstruktur som utgangspunkt for Fosna og tilpassa designet til den andre merkevara.

Det gjorde prosessen raskare og meir kostnadseffektiv, samtidig som sluttresultatet blei to nettsider med tydeleg ulik identitet.

Åtte språk med Weglot

Begge nettsidene er tilgjengelege på åtte språk. Det har vi løyst med Weglot, som gjer det mogleg å handtere og oppdatere mange språk utan å bygge separate nettsider for kvart land.

Kunden legg sjølv inn og oppdaterer produkt og innhald, medan vi har lagt til rette for ein fleksibel struktur som er enkel å halde oppdatert.

Har du eit nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Forrige
Forrige

Argus Remote Systems - Nettsider

Neste
Neste

Lerum - Nettsider | Digital markedsføring