Campus Sogndal - meir enn ein kontorplass, det er ein livsstil
Campus Sogndal er arbeidsplass for ei rekke verksemder og eit miljø der kunnskap, næringsliv og menneske møtest. Då Campus skulle fornye seg, ønskte dei å vise meir av nettopp dette, og mindre av bygg, kontor og parkeringsplassar.
Vi starta med merkevaren og spørsmålet om kva posisjon Campus Sogndal skulle ta. Derfrå utvikla vi ein ny visuell identitet og nettside som løftar fram menneska, møteplassane og livet på Campus.
Om prosjektet
Fagområde: visuell identitet, merkevare, nettside
Kunde: Campus Sogndal
Kunde sidan: 2004
Behov: Campus Sogndal trengde å fornye seg, og gå frå å vere kontor og bygyningar til ein møteplass og ein arena for utvikling.
Nettside: campussogndal.no
Frå kontorplass til møteplass
Den nye identiteten skulle vise Campus Sogndal som moderne, profesjonell og full av aktivitet. Vi utvikla logo, fargar og grafiske element som fungerer på tvers av nettside, skilt, dekor og anna materiell.
Foto og video har også fått ein viktig plass. I staden for berre å vise bygga, viser vi menneska som jobbar, møtest og skaper ting saman på Campus.
Eit uttrykk som fungerer overalt
Den visuelle identiteten er utvikla for å vere fleksibel og enkel å bruke på mange ulike flater. På nettsida har vi samtidig jobba med struktur og innhald for å gjere det enklare å forstå kva Campus Sogndal er, kven som held til her og kva miljøet har å by på.
Resultatet er eit uttrykk som i større grad speglar det Campus Sogndal ønskjer å vere: ein møteplass og arena for utvikling.
Har du eit merkevare- eller nettsideprosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!
Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619