Derfor bør du konvertere til Squarespace 7.1

Vi har konvertert mange nettsider til den nyaste versjonen i Squarespace, men ikkje alle. Er du ein av dei som enno ikkje har fått nettsida di over på versjon 7.1?

Det er mange gode grunnar til å oppgradere til den nye versjonen, og nokre av dei ser du under. Det som er sikkert, er at det er i denne versjonen all vidare utvikling i Squarespace skjer, så du bør gjere det snart. Har du i tillegg behov for ein finpuss eller forbetring av nettsida di, er dette ei fin anledning til å gjere det samstundes.

Fordelar med den nye plattforma:

  • Squarespace lanserer berre nye funksjonar på Squarespace 7.1, sjølv om dei (og vi i Gasta) framleis vil støtte og gi support på 7.0.

  • Du får tilgang til Fluid Engine, det nyaste “drag & drop”-redigeringsverktøyet. Det blir mykje lettare å jobbe med innhaldet, sidan du kan flytte element akkurat der du vil.

  • Betre for deg om du er oppteken av søkemotoroptimalisering og vil bli funnen på søkemotor.

  • Ny funksjonalitet “Saved sections” som let deg lagre seksjonar du har laga, og enkelt nytte dei fleire stader på nettsida (arbeidsbesparande!).

  • Betre på mobil, ettersom du kan justere på mobilvisninga utan at endringane får effekt på desktop-versjon.

  • Betre støtte for universell utforming.

Her viser vi deg fordelane på video:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Prøv Squarespace sitt innebygde booking-system