Verktøyet som gjer det enkelt å konvertere til Squarespace 7.1

Squarespace har lansert eit verktøy som gjer konvertering frå versjon 7.0 til 7.1 mykje raskare!

7.1 er den nye Squarespace-plattforma vi bruker når vi skal lage nettsider i dag. Squarespace var klare på at det ikkje kom til å bli teknisk muleg med automatisk konvertere frå 7.0 til 7.1. Fram til no har vi difor oppgradert kundar heilt manuelt med copy/paste, og det tek tid.

Men ikkje no lengre.

Med det nye verktøyet går alt mykje raskare:

  • Med konverteringsverktøyet blir alle sidene med foto, tekst, video og instillingar overført til ny versjon

  • Når nettsida er konvertert går vi manuelt inn og justerer på design, menyar, tilpasse koding m.m.


Kvifor oppgradere til 7.1?

  • Har du ei “eldre” nettside basert på 7.0, bør du tenkje på å konvertere denne. Squarespace (og Gasta) vil gi support på alle nettsider på 7.0, men det er på Squarespace 7.1 nye funksjonar blir lanserte.

  • I 7.1 har du tilgang til Fluid Engine, Squarespace sitt nyaste “drag & drop”-redigeringsverktøy. Det gjer det lettare å jobbe med innhaldet, sidan du kan flytte elementa akkurat der du vil.

  • Versjon 7.1 er betre for deg om du er oppteken av søkemotoroptimalisering og vil bli funnen på søkemotor.

  • I tillegg kan du lagre seksjonar du har laga, slik at du kan nytte dei fleire stader på nettsida (arbeidsbesparande!).

  • 7.1 er betre på mobil, ettersom du kan justere på mobilvisninga utan at endringane får effekt på desktop-versjon.

  • Squarespace 7.1 har betre støtte for universell utforming.


Kva kostar ei konvertering?

Det er litt avhengig av kva type nettside du har, om det er mykje kode på sida og korleis menystrukturen din er. Men basert på erfaring ser vi at ein slik jobb ligg rundt 4-7 timar (kr 5240 - 9170 +mva). PS! Dei månadlege lisens- og supportutgiftene blir uendra.

Kom i gang i dag!

Fyll ut skjemaet under og vi vil ta kontakt med deg, gi deg eit budsjett og legge ein plan for konverteringa.

 

Fleire spørsmål og svar:

 
 
Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Forrige
Forrige

Ny visuell identitet for Luster kommune

Neste
Neste

Strengare krav til cookies - er nettsida di tilpassa?