Pass deg for falske Squarespace-meldingar
Nyheitsbrev frå Squarespace 2. juni.
Squarespace varslar om svindelforsøk der uvedkomande utgir seg for å vere Squarespace eller profesjonelle nettutviklarar.
Målet med desse meldingane er ofte å få mottakaren til å betale for påstått nødvendige oppdateringar eller dele innloggingsinformasjon. Ver merksam på at Gasta aldri vil krevje betaling for akutte Squarespace-oppdateringar. For kundar med drift- og supportavtale handterer vi Squarespace-fakturaene og vidarefakturerer desse på vanleg måte.
Er du usikker på om ei melding er ekte, anbefaler vi at du tek kontakt med oss før du gjer noko vidare.
Lurer du på kva drifts- og supportavtalen inneber? Les meir her.
Kva bør du vere merksam på?
Mistenkelege e-postar via kontaktskjema
Nokre svindlarar nyttar kontaktskjema på nettsider til å sende meldingar som ser truverdige ut. Ver ekstra varsam dersom du får meldingar om kritiske feil, oppdateringar eller betalingskrav du ikkje kjenner att.
Falske Squarespace-sider
Dersom du blir sendt vidare til ei side som ser ut som Squarespace, men som verkar mistenkjeleg, bør du ikkje logge inn eller oppgi informasjon. Falske nettsider blir ofte brukte for å stjele brukarnamn og passord.
Meldingar med betalingslenkjer
Ver varsam dersom du får meldingar som inneheld betalingslenkjer eller oppmodingar om å betale for tenester du ikkje har bestilt.
Slik vernar du deg
Ver sikker på korleis du vanlegvis blir kontakta av Squarespace.
Betal aldri fakturaer eller tenester du er usikker på opphavet til. Kontakt oss i Gasta om du er usikker.
Bruk sterke passord og tofaktorautentisering (2FA) på Squarespace-, Google- og andre viktige kontoar.
Kontroller alltid avsendaradresse og lenkjer før du klikkar.
Få hjelp dersom du er usikker
Har du fått ei mistenkjeleg melding eller er usikker på om ei førespurnad er ekte? Ta kontakt med oss før du gjer noko vidare. Vi hjelper deg gjerne med å vurdere meldinga og sikre at nettsida di er trygg.
57 62 77 70 eller post@gasta.no