Prøv Squarespace sitt innebygde booking-system
I Squarespace er det mogleg å sette opp eit system for møte- eller timebooking, som du kan synkronisere med eigen kalendar. Dette gir deg god oversikt og et system som er enkelt i bruk.
Du har kanskje lagt merke til at du kan booke timar hos Marianne i Gasta for ein samtale om nettbutikk?
Denne booking-funksjonen har du også tilgjengeleg, og du finn den under Scheduling i Squarespace når du er innlogga. Scheduling er tett integrert i Squarespace. Kundane dine kan booke tid direkte frå nettsida, og du får alt samla i éin kalender. Ingen dobbeltbooking, ingen e-post-kaos.
Automatiske påminningar
Systemet sender automatisk bekreftingar, påminningar og oppfølgingsmeldingar. Det reduserer fråvær og gjer kvardagen din meir effektiv.
Ta betalt ved booking
Du kan enkelt kople på betaling via Stripe. Kundane betalar når dei bookar – du slepp fakturering og etterarbeid.
Kobling mot kalendar
Scheduling følgjer designet frå nettsida, slik at booking-sida ser ut som ein naturleg del av merkevara di. Du kan også kople Scheduling mot kalendaren du brukar, som t.d Outlook, slik at du unngår dobbeltbooking og rot.
Perfekt for deg som tilbyr tenester
Enten du driv med rådgiving, treningsøkter, behandlingar eller kurs – Acuity Scheduling let deg bruke mindre tid på administrasjon og meir tid på det du er best på.
Gasta kan hjelpe deg i gang
Vi kan hjelpe deg med oppsett, meldingstekstar, omsetjing til norsk og gi deg opplæring, ca. 1 dags arbeid. Lisenspris pr. mnd (okt 25) kjem i tillegg:
Starter - 1 kalendar kr. 180
Standard - 6 kalendarar kr. 290
Vite meir?
Då booker du sjølvsagt ein gratis halvtime hos Marianne Pham eller Vidar Bondevik 😊