ZEM – ny nettside for pioneren innan utsleppsfri maritim teknologi
Vi har utvikla nye nettsider for ZEM as, verdsleiande systemintegrator av elektriske og hybride framdriftssystem for den maritime sektoren.
ZEM har dei siste åra opplevd stor vekst i omsetning. Frå 31 mill. kroner i 2019 til 298 mill. kroner i 2024 er ein imponerande vekst, som ofte gjer at merkevarebygging, design og kommunikasjon gjerne ikkje blir prioritert.
Slik var difor utgangspunktet før vi starta prosjektet:
Rebranding og 3D-visualisering
I samarbeid med Studio Ris og Katinka von der Lippe vart det gjennomført ein prosess med rebranding, produktifisering av tenestene - og ikkje minst har Studio Ris produsert 3D-visualiseringar av produkta:
Nye nettsider i Squarespace
Webdesignet vart utvikla med tanke på at målgruppa raskt skal få overblikk over “The ZEM Solution”. Her er fokus på bruksområde eller “applications” der teknologien deira blir brukt.
Designet er enkelt og ryddig, med fokus på seksjonar, som kunden ved hjelp av Squarespace sin Saved Sections-funksjon lett kan endre og bearbeide.
ZEM installerte i 2016 batteri-systemet til vår felles kunde Brødrene Aa sin Vision of The Fjord, ein båt som blei kåra til Ship of the Year og skapte ein ny standard for maritim transport.
I 2021 gjekk Volvo Penta inn som majoritetseigar i selskapet, noko som gir ZEM ein god plattform for vidare vekst.
Vi i Gasta takkar Andrea Bernal & Co for tilliten og ser fram til eit godt samarbeid!