Nyheit: Lag QR-kode direkte i Squarespace
Ein QR-kode kan brukast smart i marknadsføringa di.
No kan du endeleg lage ein QR-kode til nettsida di direkte i Squarespace. Ein snedig måte å binde saman fysisk og digital marknadsføring på.
Den nye funksjonen blir lansert for alle brukarar frå april 2025. Med denne kan du enkelt generere QR-kodar direkte frå nettsida di, utan at du må bruke eit eksternt verktøy.
QR-kode i marknadsføringa
Ein QR-kode (Quick Response-kode) kan minne litt om ein strekkode. Koden blir ofte trykt på fysisk marknadsføringsmateriell som plakatar, produktetikettar eller borsjyrar. Skanner ein koden med mobilkamera, kjem ein direkte inn på ei nettadresse - for eksempel nettsida di. Ein snedig måte å binde saman fysisk og digital marknadsføring på, ved at det blir enkelt for kunden å finne fram til menyar, kampanjesider, kontaktinformasjon eller booking. Men du kan óg vise koden på digitale skjermar, det viktige er at folk skal skanne den med eigen mobil for å finne meir informasjon.
Slik genererer du QR-kode i Squarespace:
Logg inn i Squarespace og naviger til den sida i venstrepanelet som du vil lage QR-kode til. Hald musen over sidenavnet og trykk på tannhjulet for å få opp innstillingar
2. I pop-up’en, skru på brytaren for QR-kode slik at den blir grøn/aktivert, då kjem QR-koden til syne. Hald musen over QR-koden og trykk “Download QR code” for å laste ned PNG-fil til maskinen din
Dette veit vi at mange av kundane våre vil få nytte av!
Merk: Enn så lenge kan ein berre lage QR-kode til enkeltsider, ikkje f. eks blogg eller portfolio. Men vi reknar med at det kanskje kjem meir utvikling framover.
Som einaste Squarespace Enterprise-medlem i Norge, følger vi tett med på utviklinga i Squarespace. Lurer du på noko, ikkje nøl med å ta kontakt!