Nytt i Squarespace - Refresh 2025
Mykje spennande og mykje AI! Det Squarespace lanserte av nye funsjonar under Circle Day 2025, er verkeleg verdt å få med seg.
Circle Day er Squarespace sitt årlege event kvar haust. Det samlar Squarespace-leiing, byrå og byråfolk innan webdesign og digitalt arbeid frå heile verda, for å dele kunnskap, vise nye funksjonar og inspirere til betre webdesign.
I og med at vi er Squarespace Platinum byrå og Enterprise-kunde var det naturleg at vi deltok den 18. september, i alle fall digitalt … Og her er det mykje nytt og spennande som blir lansert dei næraste månadane.
Beacon AI
Dette gler vi oss verkeleg til. Beacon AI gir deg trinn-for-trinn-rettleiing akkurat når du treng det, uansett kvar du jobbar i plattforma. Du får verktøy som hjelper deg å sjekke og forbetre kor synleg nettsida di er i søkemotorar og AI-plattformer. Ein innebygd AI-skannar går gjennom sida di, finn tekniske feil og foreslår korleis du kan rette dei.
Du får òg smarte verktøy som automatisk lagar tekst til produkt, tenester, rabattar og FAQ-ar – ferdig skrive og klar til bruk. Blir lansert i 2025.
Forbetra responsiv design / mobilkontroll
No kan, både du som Squarespace-brukar og vi, lett gå inn og skjule tekst eller foto på mobil. No får vi endå betre kontroll over layout på mobil. Dette har vi venta på! Er lansert og tilgjengeleg for alle Circle-kundar (Gasta-kundar).
Animasjonar
Du som kunde, og vi som byrå, får massevis av mulegheiter for å legge til animasjonar, transformasjonar (rotering, skala, etc.). Rett og slett meir avansert designkontroll på blokknivå. Blir lansert i 2025.
Fontopplasting
No er det blitt lett å laste opp fontar. Slik at du kan få akkurat den fonten du har i profilhandboka. Denne funksjonen er allereie lansert.
Nytt i nettbutikk
Squarespace har brukt store ressursar i 2025 på utvikling av nettbutikken. No har vi fått Klarna, Google Pay, Apple Pay og Stripe Link. Samtidig satsar Squarespace stort på eiga betalingsløysing, Squarespace Payments. Denne er lansert i Finland, men vi har ingen klar dato for Norge.
Alt dette har gjort at vi også har valt å satse sterkare på nettbutikk framover. Vi kjem med meir om nettbutikk om kort tid.
Mykje nytt i Squarespace eCommerce i 2025!
For oss som Squarespace Enterprise-kunde, er det positivt å oppleve at Squarespace fortset den positive utviklinga. No nærmar dei seg 2000 tilsette i USA og Irland, omsetninga har runda 10 milliardar kroner og vi snakkar om rundt 5 millionar lisensar.
Trygt å vite for deg som har satsa på Squarespace som ditt publiseringsverktøy. Men ver obs på at dei fleste av desse nyheitene gjeld kun for Squarespace 7.1, ikkje 7.0. Kanskje på tide å tenkje på oppgradering, om du ikkje har gjort det.
Vite meir om nye funksjonar i Squarespace? Ta kontakt med oss i Gasta