Sei hei til Marianne
Vi skulle tilsette ein digital rådgivar, men ville ha med oss Marianne Pham også. Så ho er andre nytilsette på kort tid - og vi er i ekstase!
Marianne kjem med både strategisk tyngde og ein ekte lidenskap for gode, brukarnære løysingar, med særleg vekt på netthandel.
Ho er ikkje redd for å ta sats, verken på fjellet eller i prosjekta. Ho har mastergrad markedsføringsledelse og forbrukerpsykologi, og fagbrev i salgsfaget. Den kombinasjonen gjer Marianne både analytisk og menneskeleg på same tid, ein som forstår kvifor folk handlar, og korleis bedrifter kan møte dei med ekte verdi.
Marianne har lang erfaring innan netthandel og digital marknadsføring, og har òg vore innom tech-bransjen. Ho driv framleis si eiga netthandelsverksemd, og veit kor mykje både strategi og detaljar betyr når alt skal klaffe.
Når ho ikkje jobbar med kampanjar og kundereiser, finn du ho gjerne på splitboard i Sogndalsfjella , eller med strikketøy og kaffikopp i hendene. I Sogndalsdalen har ho funne sitt perfekte utgangspunkt: snø, natur og rom for både arbeid og inspirasjon.
Har du ein nettbutikk, eller vurderer du å starte ein? Lyst til å jobbe meir målstyrt med marknadsføring og kundereiser?
Ta gjerne kontakt med marianne@gasta.no.
Fekk du sagt hei til Emilie? Ho starta hos oss 1. september!
Marianne Pham starta hos oss 15. september.