Volum-konferansen 2025: Fem lærdommar

Korleis vil kunstig intelligens endre måten vi tenker, skapar og marknadsfører på? Det var tema då bransjefolk samla seg til konferanse i Bergen 4. november 2025.

Her er fem nyttige punkt som vi i Gasta tek med oss:

1. Kreativitet vinn

AI kan automatisere mykje, men ikkje erstatte evna vår til å tenke nytt. Når vi overlet for mykje til maskinane, mistar vi kreativitet og kritisk sans. I framtida blir fokus, refleksjon og evna til å skape noko ekte blant dei viktigaste konkurransefortrinna for små og mellomstore verksemder.

2. Data viser fortida, ikkje nødvendigvis framtida

All AI er trent på data, og slike data er alltid historiske. Dei fortel oss kva som har fungert før, men ikkje nødvendigvis kva som vil fungere i framtida. For å skape kampanjar som faktisk treffer, må vi kombinere analyse og erfaring med innsikt, intuisjon og forståing av menneskeleg åtferd. Det handlar ikkje berre om kva folk gjer, men kvifor dei gjer det.

3. AI fungerer best saman med menneske

Forsking viser at dei fleste AI-genererte annonsar ikkje gir effekt, fordi dei manglar menneskeleg innsikt. Den beste markedsføringa skjer når teknologi og kreativitet jobbar saman. AI kan gjere analysen, mens mennesket tilfører empati, kontekst og idéar som skapar verdi.

4. Raskt betyr ikkje nødvendigvis bra

Automatiseringa gjer det enklare å levere meir, men ikkje nødvendigvis betre. Teknologien bør brukast til å frigjere tid til strategi, kvalitet og gode idear, ikkje berre til å produsere meir på kortare tid. Nøkkelen er altså å bruke AI til å levere betre, ikkje berre raskere.

5. Våg å skilje deg ut

Når alt blir strømlinjeforma og perfekt, mistar vi det som gjer kommunikasjonen interessant. Publikum ønsker varme, humor og ærlegdom. Dei merkevarene som tør å vise skilje seg ut, bygger tillit og merksemd over tid.

Lyst til å betre markedsføringa di? Sjå kva Gasta kan tilby eller ta kontakt.

Vi var óg på Volum-konferansen i 2024 - sjå fjorårets oppsummering her.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Slik gjer du nettsida klar for AI-søk