Sei hei til Emilie

 

Ho starta 1. september - og vart kasta rett ut i det. Heldigvis er ho god til å symje!

Emilie Brynjulfsen er vår nye digitale rådgivar, ho har bytta ut Oslobyen med Sogn.

Emilie kjem frå byråverda og har tidlegare arbeidd fleire år i forlagsbransjen, så ho har god erfaring med merkevare- og kommunikasjonsprosjekt. Ho er spesielt oppteken av at marknadsføring alltid må sjåast i samanheng med både sals- og forretningsmål. Det kjem kundane våre til gode!

Om du samarbeider med oss, vil du nok høyre frå Emilie. Ho er klar til å rådgje og bistå med både nettsider, marknadsføring og kommunikasjon.

Les meir om Emilie under tilsette - eller ta kontakt på emilie@gasta.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Campus Sogndal har fått eit løft

Neste
Neste

Squarespace og Vipps?