Over 20 år med Nor Tekstil som kunde
Allereie i 2005 laga vi den første profilhandboka til Nor Tekstil. Sidan har vi fått vere med på fleire generasjonar nettsider.
– Gasta kjenner oss godt, og det er viktig for oss. Dei kan hjelpe oss på ei rekke område, seier Arild Ommedal, marknadssjef for helsemarknaden i Nor Tekstil.
Frå den første profilhandboka i 2005 til ei heilt ny nettside i 2026. Vi har fått følge Nor Tekstil gjennom over 20 år med vekst og utvikling.
Arild Ommedal, Markedssjef Norge, Helsemarkedet
Bedrifta frå Florø har vakse til å bli Noregs leiande leverandør av vaskeri- og tekstiltenester, med over 26 vaskeri over heile landet, heilt til Svalbard. I takt med veksten har også behova endra seg, og gjennom åra har vi fått bidra med både nettsider, grafisk materiell, rapportar og andre kommunikasjonsoppgåver.
– Det vi set ekstra pris på, er at Gasta er svært fleksible og handterer førespurnader frå oss raskt og på ein god måte, seier Ommedal.
No har vi lansert ein heilt ny versjon av nortekstil.no.
Eit samarbeid gjennom mange år
Allereie i 2005 laga vi den første profilhandboka til Nor Tekstil. Sidan har vi mellom anna fått vere med på fleire generasjonar nettsider, samtidig som både bedrifta og den digitale kvardagen har utvikla seg mykje.
Den nye nettsida skulle gi betre oversikt over ei stor bedrift med mange tenester, bransjar og mykje godt innhald. Vi har jobba med struktur, innhald og webdesign, og gitt meir plass til historiene om menneske, teknologi, berekraft og sirkulær bruk av tekstilar.
Sjølv om den nye nettsida er lansert, held samarbeidet fram. Vi følger no Nor Tekstil fast med vidareutvikling av nettsida og arbeid med mellom anna brukaroppleving, SEO og synlegheit i AI-søk.